Aktuelt

I desse dagar vert den niande nordiske konferansen om barnemishandling og omsorgssvikt gjennomført i Stockholm.

IRL
Linda Kvalvik, Inge Nordhaug og Reidun Dybsland.

Det er NFBO som arrangerer konferansen, som denne gong har tittelen “Gör vi skilnad för utsatte barn?”.

NFBO vart etablert i 1998 og har fokus på det tverrfaglege perspektivet i arbeid med utsette barn, samarbeid over yrkesgrenser og utvikling av kunnskap.

Dronning Silvia opna konferansen måndag, og i løpet av tre dagar er det plenumsforedrag og parallellsesjonar med mange ulike tema. For mange har det vore stort å få høyre Dr. Vincent Felitti snakke om ACE studien og korleis vanskelege erfaringar i barndommen påverkar både fysisk og psykisk helse gjennom heile livet.

Dag Nordanger, Ellen Brochmann og Kathrine Aamodt.
Dag Nordanger, Ellen Brochmann og Kathrine Aamodt.

RVTS vest er og på plass på konferansen, for å dele erfaringar frå vårt arbeid. Reidun Dybsland, Inge Nordhaug og Linda Kvalvik presenterer “Fagdag for tenester som møter barn og unge. Handlingskompetanse ved bekymring om barn som utsettes for vold og overgrep”.

Dag Nordanger (RKBU Vest/RVTS Vest), Kathrine Aamodt og Ellen Brochmann frå SMISO presenterer sin “gruppebehandling av barn og unge utsett for seksuelle overgrep”.

Relatert

Nominert til Gullegget
Filmar om avdekkande samtalar med barn

 

 

kid-1241817_640