Aktuelt
Nettverksbygging gjennom temadagar om flyktningar
- 20/06/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Førebygging Integrering Kultursensitiv Psykisk helse

Illustrasjonsfoto
RVTS Vest har sidan oppstarten arrangert temadagar for dei som arbeider med flyktningar i vår region.
Hensikten med temadagane er å setje fokus på viktige problemstillingar knytta til arbeid med flyktningar. Kvar temadag inneheld undervising i eit relevant tema, utveksling av erfaringar og praksisnære diskusjonar.
I august arrangerer vi temadagen “Fra gerilja til mor, fra landsby til by, fra isolasjon til terapi: Mangfoldige fortellinger om kurdiske kvinner i eksil”. Vi har invitert Nuray Yildirim Gullestad, som er regional koordinator ved IMDi Vest i Bergen.

Nuray vart først tilsett som minoritetsrådgjevar ved Bergen Katedralskole og seinare som regional koordinator ved IMDi Vest. Sidan 2009 har ho hatt ansvar for å følge opp dei ulike handlingsplanane mot tvangsekteskap som etter kvart også har omfavnet kjønnslemlesting og alvorlege begrensingar av unge sin friheit. Hennar mandat er å bidra til å strykje, samordne og forankre den regionale innsatsen mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege begrensingar av unge sin frihet, gjennom tverrfaglege regionale kompetansenettverk.
Nuray er sjølv kurdisk, kom til Noreg som politisk flyktning i 1998 og har jobba med flyktningar heilt sidan dess. Ho har vore aktiv i kvinneorganisasjonar, har skrive for ulike aviser og tidsskrifter, og skriv no mastergrad om kurdiske kvinner si politiske deltaking i Tyrkia.
Meld deg på dagen i kurskalenderen.