Aktuelt
Nettverk for førebygging av vald og overgrep
- 16/02/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
På bilete: Styringsgruppe for nettverket, beståande av kompetansemiljø, statsforvaltar samt kommunalsjefar og kommunerepresentar.
Nyleg var det samling i nettverk for førebygging av vald og overgrep.
Over 100 deltakarar frå 26 vestlandskommunar, kompetansemiljø og Statsforvaltar har hatt fokus på erfaringsdeling, refleksjon og planar knytta til førebygging og tidleg innsats.
– Nettverket sitt hovudmål er å styrke kommunane sitt arbeid med å sikre at barn og unge ikkje opplever vald og overgrep. Då må tilsette ha naudsynt kompetanse til å sjå, snakke med og handle når dei er bekymra. Vi satsar og på at nettverket bidrar til meir systematikk i implementering, opplæring og vedlikehald av naudsynt kompetanse, seier Bente Cecilie Foss (Statsforvaltar Vestland).
Alt det jeg er
Samlinga starta med filmen Alt det jeg er, av regissør Tone Grøttjord-Glenne, der vi følger Emilie som var utsett for seksuelle overgrep i oppveksten. Tone Grøttjord-Glenne snakka både om prosessen med å laga filmen, men og korleis filmen vert nytta inn i Kunnskapsreiser. Alt det jeg er har laga ulike kunnskapsreiser knytt til dokumentaren, blant anna for NAV som svært mange NAV-kontor har gjennomført.
Ingfrid Vaksdal Brattabø frå Tannhelsetjenestens kompetansesenter viste fram korleis den digitale kunnskapsreisa for tannhelsepersonell vert nytta. Det vert forska på resultat av opplæringa og preliminære resultat finn at dei tannklinikkane som har gjennomført Kunnskapsreisa, jamt over rapporterer om auka kunnskap om vald og overgrep, samt meir tryggleik i samtalar med barn og unge. I tillegg vert det sendt fleire bekymringsmeldingar frå tannklinikkar som har gjennomført opplæringa i forhold til dei som enno ikkje har fått opplæringa.
Jill Bru Johansen, einingsleiar for skule og PPT i Vaksdal kommune fortel at Vaksdal er ein “Alt det jeg er-kommune” og starta opp med Kunnskapsreiser i år.
– Barn og unge er avhengige av vaksne som er modige og trygge, og som kommune må vi satse på kunnskap og kompetanse både til barn, unge, foreldre og ikkje minst tilsette, seier ho. Vi gler oss til å høyre meir om deira erfaringar etter kvart.
I si førelesning hadde Bjørn Brunborg frå RKBU Vest vekt på tiltak som kan rettleie og støtte foreldre, som tross alt der den aller viktigaste ressursen for barn og unge.
Systematisk arbeid mot vald i nære relasjonar
I Stord kommune har dei jobba systematisk med handlingsplan mot vald i nære relasjonar, kunnskap til barn og unge og tryggleik for tilsette.
Einingsleiar førebyggande tenester, Birthe Blokhus, delte erfaringar frå arbeidet og viste til støtteverktøyet valdsfri.no, som kommunane Fitjar, Bømlo og Stord nyttar til samtalar om temaet, internt i tenestene og i kontakt med familiar. Ressursen fins på 14 ulike språk.
Randi Mossefinn frå RVTS Vest trakk fram barn og unges stemmer i gjennomgang av to viktige handlingsplanar; Opptrappingsplan psykisk helse og Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og unge og vold i nærer relasjonar.
Samlinga vart avrunda med gruppearbeid og refleksjon på tvers av kommunane. Det kom fleire gode refleksjonar etter gruppearbeidet, som både viser kompleksiteten i arbeidet, betydninga av å snakke saman, dele erfaringar og verte inspirert.
– Vi oppsummerer samlinga med at kunnskap og kompetanse er viktig, og naudsynt for at vi har MOT nok til å sjå og ikkje minst MOT nok til å handle! Tusen takk for ei strålande samling! seier Linda Kvalvik, som er kontaktperson for nettverket. – Vi tek også sikte på å få etablert ei ressursgruppe i løpet av året. Her vonar vi at relevante fagmiljø og brukarorganisasjonar vært med!
Kontakt Linda Kvalvik, dersom du er interessert i å vite meir om nettverket.