Aktuelt
Nasjonal nettportal om vald og valdtekt
- 15/02/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Førebygging Kommunen sitt arbeid med forebygging av vald Kunnskapsportal Psykisk helse Ressurs på nett Ressurser for avdekking av seksuelle overgrep Verktøykassen Vold

Justis- og beredskapsdepartementet og NKVTS lanserer nettportalen dinutvei.no – ein vegvisar til utsette, pårørande, utøvarar og fagpersonar.
Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramme menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kor hjelpa finnast. Mange ønsker også meir kunnskap om vald og overgrep.
Nettportalen dinutvei.no er utvikla for å gje ei oversikt over ulike hjelpetilbod over heile landet – til utsette, pårørande, utøvarar og fagpersonar. I tillegg til informasjon og fagstoff inneheld dinutvei.no ei spørsmål- og svarteneste, kor du kan stille spørsmål og få svar anonymt.
dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentre om vold og traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. (Kjelde: www.nkvts.no)
Inge Nordhaug, spesialkonsulent i fagteam vald og seksuelle overgrep ved RVTS Vest har vore med i arbeidsgruppa som har utvikla nettportalen, som representant for RVTSane.
Kva er det som gjer at denne nettportalen skiljer seg frå liknande nettportalar?
– Denne portalen er ei søkebasert nettside. Det er lagt inn omfattande søkeord og tekst som gjer at ein skal kunne få svar på mykje av det ein lurer på av hjelp. Skriv ein til dømes “Jeg er voldtatt” i søkefeltet, skal det komme fram dei hjelpetilboda som er i nærleiken av der du bor. I tillegg er det ein “alarmknapp” godt synleg på sida, som gjer at ein veldig raskt kan forlate portalen om til dømes mannen som slår kjem inn i rommet. Spørsmål- og svartenesta er anonym, og portalen har ein eigen del som handlar om nettlesing utan spor.
– Ellers så vil portalen vere under kontinuerleg oppdatering og utvikling, slik at informasjonen ein finn alltid vil vere riktig, og at brukaropplevinga er god.
Nettportalen er frå 16 år og oppover.
Relatert
Justisministeren: – Vold er mer enn bare blåmerker (Aftenposten)