Aktuelt
Nasjonal konferanse om radikalisering og valdeleg ekstremisme
- 09/02/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme

RVTS har gleden av å invitere til nasjonal konferanse om radikalisering og valdelig ekstremisme.
Det er snart fire år sidan myndigheitene satte i gang tiltak, handlingsplanar og programmer for å bekjempe radikalisering og valdelig ekstremisme. Kor langt har vi komme i dette arbeidet og kor går vegen vidare? Trusselbiletet har endra seg dramatisk, i takt med nederlaget av IS, den islamske staten, og framveksten av høgreekstreme bevegelser i mange vestlege land. Kva er morgendagens største trussel, nasjonalt og internasjonalt? Korleis møter vi utfordringane?
På konferansen set vi fokus på kvardagsforebygging av dei underliggande årsakene. For å belyse temaene har vi invitert nokre av dei fremste forskarane på feltet, nasjonalt og internasjonalt .
Program og påmelding på RVTS Midt si nettside
Hovudførelesarar er:
Dr. Musa Shteiwi, leiar for Senter for Strategiske Studier ved Jordan Universitetet, Amman. Han har en PhD i sosiologi fra universitet i Cincinnati, USA. Han har over 20 års erfaring med undervisning og forskning på områder som Politisk sosiologi, menneskerettar, utvikling, og kjønn. Han har publisert ein rekkje artiklar og bøker om samfunnsrelaterte tema.
Han vil forelese om:
– Flyktningsituasjonen i området
– Fall av IS – kva etter?
– De-radikaliseringsmodellar og forebyggande arbeid: den Jordanske modellen.
Dr. Cathrine Thorleifsson har en PhD i sosialantropologi fra London School of Economics and Political Science (2012). Thorleifssons forskar bl. a på nasjonalisme, migrasjon, grenser og identitet. Hennar postdoktorprosjekt “Nasjonalistiske responser til krisen i Europa: gamle og nye hat” utforskar korleis ulike materielle, historiske og sosio-kulturelle kontekster påvirker renasjonaliseringsprosessar i Europa. Basert på feltarbeid i England, Ungarn og Noreg samanliknar prosjektet ulike formar for nasjonalisme, framandfrykt og rasialisering (som anti-muslimske sentimenter, antisemittisme og antisiganisme) i relasjon til globaliserte kriser.
Ho vil forelese om:
– Høyreekstreme partier og bevegelser i Europa: gamle og nye hat i ein uroleg tid.
Dr. Tore Bjørgo er professor ved Universitetet i Oslo og leiar for “Senter for forskning på Ekstremisme: høyre ekstremisme, Hat kriminalitet og politisk vold” (C-REX). Hans forskning omfattar politisk vald/terrorisme, rasisme/høgreekstremisme, de-radikalisering og exit programmer, kriminelle gjenger og subkulturar, kriminalitetsforebygging /anti-terrorisme, politivitskap, konfliktar i Midt-Østen, og politisk kommunikasjon. Han var initiativtakar til blant anna “Exit prosjektet” som hadde som mål å få ungdommar til å trekke seg ut av rasistiske grupper. Prosjektet vart seinare adoptert og brukt i Sverige, Finland, Tyskland, Nederland og Sveits.
Han vil forelese om:
– Høgreekstremisme: Kva er det, og korleis kjem det til uttrykk i Noreg og internasjonalt?
– Forebygging av valdelig ekstremisme og terrorisme.