Aktuelt
MOTHER POWER mot radikalisering og valdeleg ekstremisme
- 01/12/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Radikalisering Voldelig ekstremisme
MOTHER POWER mot radikalisering og valdeleg ekstremisme i Nairobi, Mogadishu og Bergen.
På laurdag var over 30 engasjerte somaliske kvinner samla i Bergen for å diskutere korleis vi kan jobbe som mødre og kvinner for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Elisabeth Harnes frå RVTS Vest er samarbeidspartnar i Bergen kommune sitt prosjektsamarbeid med somaliske organisasjonar i Bergen, og hadde innlegg for Somalisk kvinneforening i Hordaland om radikalisering, både i ein norsk, kenyansk og somalisk kontekst.
– Mykje av inspirasjonen for det eg formidla for den somaliske kvinneforeninga er henta frå mitt møte med to fantastiske og dyktige kvinner i Nairobi, seier Elisabeth.
– Dei to er grunnleggjarar av organisasjonen AIWA (African Initiative of Woman in Africa), ein frivillig organisasjon støtta av den norske ambassaden i Nairobi. Dei jobbar med å promotere menneskerettar, sosial rettferdighet og empowerment av ungdom og kvinner I Afrika.
– Den siste tida har dei etablert både ungdomsgrupper og mødregrupper for å styrkje og gjere dei meir motstandsdyktige i kampen mot terror – med særskilt fokus på Al-Shabaab i Kenya og Somalia.
– I tillegg driv dei sorggrupper for enker og etterlatne som har mista familiemedlemmar i terrorgruppa. Dei to tøffe kvinnene utfører eit svært viktig, men også risikofylt arbeid; mykje vert gjennomført via “undercover” verksemd både i Mogadishu og Estleigh-distriktet (også kalla lille Mogadishu i Nairobi).
– Om det er i Nairobi, Mogadishu eller Bergen så er det like viktig med fokus på bevisstgjering, styrking og kompetanseheving av mødre i arbeidet mot radikalisering. På denne måten kan også mødrene stå saman, tryggast i si rolle og lettare fange opp signal og risikofaktorar – og slik komme i posisjon til å påvirke barna gjennom dialog på eit tidlegare stadium, avsluttar Elisabeth.
[Best_Wordpress_Gallery id=”7″ gal_title=”Elisabeth Forelesning”]
Relatert
Forebygger radikalisering og voldelig ekstremisme (Bergen kommune)