Aktuelt
Møtet med familiar og einsleg mindreårige
- 21/02/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arrangement Flyktninghelse

May-Irene Wergeland er spesialkonsulent ved RVTS Vest, og med i arbeidsgruppa for arrangementet. Ho seier: – Om du møter flyktningfamiliar og einslege mindreårige gjennom jobb eller frivilleg arbeid, er denne konferansen høgst aktuell for deg.
27. april arrangerer RVTS Vest og Bergen kommune, Helsetjenesten for Nyankomne Innvandrere (HNI), Flyktninghelsedagen 2017: Møtet med familiar og einsleg mindreårige
– Programmet er ein kombinasjon av fagleg påfyll om vesentleg kunnskap i møte med sårbare migrantar, og erfaringsutveklsing til nytte og inspirasjon anten ein arbeider innan helse, skule, integrering eller anna, seier May-Irene Wergeland.
– Vi har lagt vekt på å lage eit variert program med gode foredragshaldarar. Blant andre kjem psykologspesialist Unni Heltne frå Senter for Krisepsykologi og David Martinez, leiar for Møhlenpris idrettslag.
Vi spurte Rolf Vårdal, fysioterapeut ved Helsetjenesten for Nyankomne Innvandrere (For tida i permisjon frå RVTS Vest) og med i arbeidsgruppa, om kvifor folk bør melde seg på:
– Flyktningar er utsette for ein del spesielle påkjenningar som vi i vårt helsevesen må ha kunnskap om for å kunne tilby kvalitetsmessig god helsehjelp, og for å kunne gi eit likeverdig tilbod. Dette arrangementet er tenkt å vere eit bidrag til dette, denne gong med hovudfokus på barn, ungdom og familiar.
Sjekk programmet og meld deg på!