Ali Watti skal vere i språkpraksis hos oss ei stund framover.
Ali er kurdar, oppvaksen i Syria, utdanna lege i Ukraina, og har nyleg fått permanent opphold i Noreg. Han har bodd i Noreg i fire år. To og eit halvt år av desse bodde han i asylmottak. Mange i Bergen veit kven Ali er, han er politisk engasjert og oppteken av dei som ikkje har ei stemme; flyktningar, asylsøkjarar og papirlause. Eit googlesøk på «Ali Watti» viser ein særs engasjert ung mann. Han har vore aktiv i mange frivillige organisasjonar; Bergen internasjonale kultursenter (BIKS), Røde kors, Norsk folkehjelp, Kirkens bymisjon, Amnesty, Together – i tillegg er han aktiv i Bergen turlag.
Ved RVTS Vest skal Ali, i tillegg til å vere i språkpraksis, vere med å undervise. Blant anna skal han ha ansvar for ein temadag om Syria, som skal arrangerast i Sveio og i Bergen.