Aktuelt
Mentoropplæring om forebygging av radikalisering mot valdelig ekstremisme
- 22/02/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Radikalisering Voldelig ekstremisme
I 2016 utvikla og piloterte RVTS Vest si første mentoropplæring om forebygging av radikalisering mot voldelig ekstremisme i Bergen. Sidan har vi utdanna over 200 mentorar frå heile Norge.
Vår nasjonale mentoropplæringa har som mål å utruste deltakarane med ei haldnings- og handlingskompetanse som gjer dei i stand til å fange opp og jobbe med personar som:
- står i fare for å gå inn i en radikaliseringsprosess
- har vore eller er ein del av ekstremistiske nettverk
- har returnert frå irregulær krigføring i konfliktområde
- er barn av fremmedkrigarar
- samt desse gruppene sine pårørande og utvida familienettverk
Målgruppe for utdanninga:
Personar som har ein jobb der dei kjem i kontakt med sårbare unge, vaksne og deira pårørande. Til dømes tilsette i utekontakten, barnevern, familievern, lærarar, flyktningeteneste, skulerådgjevar, psykisk helse, SLT-koordinator, politi, NAV, tilsette i frivillige og religiøse organisasjonar.
Utdanninga vektlegg at deltakarane er personleg eigna, har relevant fagbakrunn og jobbkontekst. Forutsetning for opptak er at tenester som søker har ein implementeringsplan for bruk av utlærte deltakarar; for eksempel som miljøterapeutiske mentorar, medlem i kommunale ressursteam, radikaliseringskontaker i politiet eller som ressurspersonar på sin arbeidsplass.