Aktuelt
Masfjordbarnehagane ynskjer å bli betre på å snakke med barn!
- 03/10/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
I Masfjorden kommune vart det gjort ei kartlegging i samband med satsinga på Betre Tverrfagleg Innsats (BTI). Kartlegginga synte at mange i barnehagesektoren opplevde det som utfordrande å oppdage og følgje opp saker som handlar om bekymring for eit barn.
– Kva skal vi gjere? Kva skal vi høyre etter? Korleis skal vi svare? Kven skal vi seie noko til? Var det eigentleg noko farleg i det som vart sagt? Dette var spørsmål Masfjorden kommune hadde då dei tok kontakt med RVTS Vest for å ha ein fagdag om samtalar med barn.
Generelt bli flinkare på å snakke med barna
– Det treng ikkje nødvendigvis vere i saker kor det er mistanke om vald eller overgrep, men like gjerne i hendingar som oppstår i kvardagen, seier Maja Aven Dahle, som er styrar i Nordbygda barnehage.
– Vi skal ha eit litt større fokus på vaksenrolla og korleis vi snakkar med barn i barnehagen. Vi må øve på korleis stille opne spørsmål og korleis la barna få snakke sjølv utan at vi tolkar eller legg føringar for dei.
Øver på «snakkemedbarn.no»
– Barnehagane kjem til å bruke snakkesimulatoren på nettsida «Snakkemedbarn» aktivt i fagmøter, og vi oppfordrar tilsette til å øve sjølve, anten individuelt eller i grupper, fortel Maja. – Vi oppfordrar til å bruke element frå «Snakkemedbarn» i «ufarlege» situasjonar i kvardagen – for å øve oss sjølve på korleis vi snakkar med barna. For oss er det viktig at den enkelte tilsette er sitt ansvar bevisst i møte med barna, og ved å fokusere på dette i fellesskap, legg vi til rette for at dette fokuset er med oss i kvardagen.
«Snakkemedbarn» i kombinasjon med annan undervisning og pedagogikk
– Vi sender også ei gruppe på tre tilsette, ein frå kvar barnehage, på kurset «Du bestemmer ikke over meg», ein gratis fagdag i regi av RKBU Vest, for å få litt meir kjøtt på beinet rundt den viktige vaksenrolla i barnehagen, fortel Maja. – Desse tre skal formidle kunnskap frå fagdagen vidare til resten av personalet i alle tre barnehagane på felles planleggingsdag i november.
Maja fortel vidare at dei i tillegg skal nytte andre pedagogiske opplegg for å trene på å snakke med barn om kropp og grenser, samt å gje barna eit språk dei kan bruke sjølve. – Vi er også DUÅ-barnehagar, kor vi jobbar aktivt mellom anna med positiv relasjonsbygging, gruppeleiing, proaktive tilnærmingar og problemløysingsstrategiar, seier Maja.
Barnet si stemme må lyttast til
– Barn si medverknad og barnet si stemme skal ha stor påverknad på barnehagekvardagen til det enkelte barn. For at vi vaksne skal klare å fange opp dette, er det viktig at vi tek barna på alvor og lyttar til det dei seier, om dei formidlar med eller utan ord, avsluttar Maja Aven Dahle.
Dei som deltok denne dagen, var tilsette i dei tre barnehagane i Masfjorden; Indre Masfjorden barnehage, Sandnes barnehage og Nordbygda barnehage, samt to deltakarar frå Barneverntenesta i Gulen og Masfjorden.