Aktuelt
Må tørre å tenke tanken
- 16/09/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Vold, seksuelle overgrep
Av Eli Gunnvor Grønsdal
– Eg trur de alle ein eller annan gong har tenkt; «Det er noko med dette barnet», seier spesialkonsulent ved RVTS Vest Reidun Dybsland der ho står på podiet framfor 100 barnehagetilsette.
I kultursalen på Vestkanten sit svært interesserte menneske som til dagleg arbeider med små barn.
– Etter at vi hadde ein tilsvarande temadag om barnevern for to år tilbake kom deltakarane med ønske om å trygge seg sjølv i samtale med barn, fortel initiativtakar Solfrid Marie Døhlen, nestleiar i PPT, Laksevåg. Døhlen tok kontakt med RVTS vest som sa seg villig til å komme.
– Responsen har vore enorm. 30 av 34 barnehagar i bydelen er representert her i dag.
Den viktige magekjensla
– Vi veit at mange har vore bekymra for barn i lang tid i førekant når dei endeleg tek kontakt med si bekymring, fortel Dybsland.
– Føremålet med denne temadagen er å løfte kjensla «det er noko med dette barnet» opp på eit refleksjonsnivå kor den tilsette tør tenke tanken om moglegheita for at vald eller seksuelle overgrep kan vere årsaka til bekymringa.
Dybsland meiner at kunnskap om kva den tilsette skal gjere, når ein bekymrer seg, er viktig.
– Korleis møter eg signala barnet gir? Kor går eg med mi bekymring? Dette er viktige faktorar for å tørre å gå frå refleksjon til handling. Det å ha mot til å nøste ledetrådane barnet legg ut, eller gulltrådane som nokon kallar det, blir svært viktig for vidare forløp.
Verktøy til bruk i samtale
Dybsland seier at barn ikkje fortel meir enn den vaksne toler å høyre.
– Barn tek omsyn til vaksne og er svært sårbare på reaksjonar hos den som lyttar. Vi veit at nokon samtalegrep opnar for fri forteljing, mens andre grep lukkar. Eg ønskjer å gje dei tilsette verktøy, slik at dei blir tryggare på sine eigne reaksjonar. Det er for eksempel heilt ok å ta ein «timeout» om eit barn seie noko som du som tilsett ikkje klarar å responderer på der og då. Då kan det leggast til rette for ein planlagt samtale, kor ein kan bruke dei verktøy vi veit opnar for kommunikasjon.
Dybsland er trygg i si formidling. Ho har sjølv arbeidd i feltet i mange år og hatt samtale med hundrevis av barn. Ho kan mykje om kva tilhøyrarane ønskjer seg.
– Deltakarane er svært engasjerte. Sjølv om dei ikkje alltid responderer på mine spørsmål, så veit eg at dei syg til seg kunnskapen.
Evaluering etter tidlegare fagdagar uttrykkjer at deltakarane har stor nytte av kunnskapen Dybsland formidlar.
– Eg gledar meg stort over dei positive attendemeldingane vi får. Det inspirerer til vidare arbeid.
– Politiet tok pappa
Etter kvart som gruppa blir «varm i trøya», bidreg dei med kommentarar og refleksjonar. Dybsland brukar fleire eksempel i si formidling.
Då Tine kom i barnehagen om morgonen fortalde ho den tilsette; «Eg har ikkje sove i natt fordi det var så mykje bråk heime. Politiet kom og tok med seg pappa, fordi han slo mamma så hardt.»
Kva gjer den tilsette i ein slik situasjon? Dybsland fortel at svært mange unngår å respondere på det barnet seier. Om barnet hadde hatt ei anna historie, trur ho den tilsette ville reagert annleis; «Eg har ikkje sove i natt, fordi eg gledar meg så mykje til alle julegåvene.»
– Då hadde nok personalet respondert og kanskje hatt ein hyggeleg samtale om å glede seg til noko, seier Dybsland.
– I det første eksemplet er det berre nødvendig, i første omgang, å bekrefte at du har høyrt historia, for å gyldiggjere det barnet fortel. Som vaksen kan du gjenta det barnet seier, for å bekrefte at du har oppfatta historia. Deretter kan du gå til din overordna og diskutere kva som må gjerast vidare.
Dybsland får gode attendemeldingar på bruk av både munnlege eksemplar og på bruk av film i formidlinga.
– Deltakarane seier dei hugsar eksempla godt. Å kombinere munnleg og visuell kommunikasjon har eg svært gode erfaringar med. I tillegg trur eg det har med identifisering å gjere. At dei tilsette kjenner seg igjen i situasjonen og dermed set i gang å assosiere og føle.
Må tørre å tenke tanken
Dybsland er opptatt av at dei tilsette må tørre å tenke tanken på at eit barn kan ha vore utsett for vald eller seksuelle overgrep.
– Vi vaksne tolkar barn og vaksne si åtferd heile tida. Når eit barn formidlar noko som omhandlar tabu, som seksualitet eller vald, har vi vaksne ein tendens til å tolke dette innanfor det som er kulturelt akseptert, eksempelvis; «det er nok fordi dei har fått ein ny baby i huset at Emma har starta å tisse på seg igjen» eller «det er nok fordi foreldra ligg i skilsmisse at Per er blitt så sinna» og så vidare.
Dybsland fortel at det kostar oss meir å måtte hente fram assosiasjonar og refleksjonar rundt tematikken vald og seksuelle overgrep.
– Som ein lærar eg traff fortalde; «Eg bekymra meg for om barnet var utsett for seksuelle overgrep, men tenkte at det ikkje var mogleg. Han kom jo frå ein svært oppegåande heim.»
– Når eit barn har opplevd det verste, må vi vaksne i det minste tåle å høyre det, seier Dybsland
– Når et barn har opplevd det verste, må vi voksne i det minste tåle å høre det, sier Dybsland.
Ei aha-oppleving
Ein av deltakarane, Anne Kari Zachariassen, styrar i Nordheim barnehage, syns ein fagdag med dette tema er viktig.
– Eg har arbeidd 24 år i barnehage, men seksuelle overgrep og vald er svært vanskelege tema som vi treng å bli påminna om heile tida, spesielt med tanke på korleis vi samtalar med barn.
Zachariassen har to nytilsette med seg på fagdagen.
– Eg som styrar er ikkje den første som får høyre tabuiserte utsegn frå barn i barnehagen. Det er derfor viktig at vi jamleg tek opp temaet på møter i barnehagen, slik at alle dei tilsette får ein bevisstheit rundt tema.
I dag har eg med meg to nytilsette førskulelærarar på fagdagen. Ei av dei, Kristin Malkenes, har arbeidd som førskulelærar i to og eit halvt år.
– Det har vore ei aha-oppleving for meg i dag med omsyn til å samtale med barn. Då tenkjer eg spesielt på at reaksjonar hos oss vaksne kan bidra til, enten å lukke ein samtale, eller å opne til vidare kommunikasjon. Dette kjem eg til å bruke i min barnehagekvardag, seier Malkenes.