Aktuelt
Lokale ressursteam som tiltak for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme
- 01/12/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Arrangement

01.12.16: Minikurs og informasjonsmøte i Os kommune om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme for lokale ressursteam med representantar frå politi og kommunar.
Os kommune er i gang med eigen rettleiar som set fokus på ressursteam som eige tiltak. Kring 30 aktørar møtte opp frå Os kommune; kommuneoverlege, fleire helsesøstre frå ungdoms- og vidaregåande skule, helsesøster for flyktningar, NAV, elevinspektørar, avdelingsleiarar og rektorar, lokalt politi, radikaliseringskontakt i politiet, meistringsteam og representantar frå flyktningtenesta.

Askøy kommune har saman med Fjell, Øygarden og Sund laga ein handlingsplan og rettleiar knytt til radikalisering og valdeleg ekstremisme. Dette er forankra i politirådet. I handlingsplanen står det at det skal nedsettast eit lokalt ressursteam med representantar frå politi og kommunane, som eit førebyggjande tiltak.
Tidlegare har denne dagen vore arrangert for politiet på Sotra, Askøy og Øygarden- samt Fana. Fokus er fenomenkunnskap, rollefordeling, politiet og PST sitt ansvar og oppgåver knytt til det førebyggande arbeidet, samt RVTS Vest sitt mandat og tiltak med særleg fokus på korleis forstå og førebygge radikalisering i ein migrasjons- og integreringskontekst.
Er du interessert i vårt arbeid med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, kontakt Elisabeth Harnes.