Aktuelt
RVTS skal styrke sin bemanning og har ledig eit engasjement i 100% stilling.
Søk på stillinga via finn.noEngasjementet kan evt. delast i 2 * 50% stillingar. Engasjementet er ledig i eitt år med moglegheit for fast tilsetting.
Personar med anna etnisk bakgrunn enn norsk blir oppmoda til å søke.
Arbeidsoppgåver
Stillinga skal styrke senteret sitt arbeid med kompetanseheving i regionen, med undervisning, rettleiing og drift/ utvikling av kompetanseprogram. Hovudoppgåvene vil vere på områda traume, traumebehandling og flyktningar, samt at ein inngår i RVTS sine øvrige satsingar innan vald og seksuelle overgrep, psykososial beredskap, flyktningehelse eller sjølvmord.
Kvalifikasjonar
- Minimum utdanning på masternivå
- Relevant erfaring med krise, traume, traumebehandling og flyktningar
- Rettleiings- og undervisningskompetanse
- Gode evner til munnleg og skriftleg formidling
- Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe både individuelt, tverrfagleg og i team
- Kjennskap til relevant forsking og kunnskapsstatus på fagområdet
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging
- Utdanning
Barnevernsfag
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Juridiske fag
- Pedagogikk
- Psykologi
Eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Du er utadvendt og kontaktskapande
- Opptatt av faget og vidareutvikling av fagområdet
- Du arbeider strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig
- Engasjement til å fronte RVTS og traumearbeidet utad
- Evne til å tenke strategisk og leie prosessar
- Vere ein god lagspelar og alliansebyggar
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Godt arbeidsmiljø
- Eit spennande fagmiljø
- Faglege utfordringar
- Stor fridom til å utforme eigen arbeidskvardag
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksitid
- Lønn etter avtale