Aktuelt
– Kvifor dreg du ikkje meg opp av senga?
- 13/02/2014
- Av: Maksimer
- Kategori: Førebygging Kurs/konferanse Psykisk helse Undervisning Unge

Styve Gard inviterte nyleg RVTS Vest til å førelese om traumebevisst omsorg.
Kring 70 deltakarar var samla på Clarion Hotel Admiral, for å lære om traumebevisst omsorg – og korleis dette kan nyttast i arbeidet ved barnevernsinstitusjonar. Første dagen var det ei generell innføring i traumeforståing, mens det andre dagen var fokus på korleis traumeforståing har betydning for praksis.

Espen R. Johansson og Inge Nordhaug var ansvarleg for undervisninga og vi spurte kvifor det er viktig å vere traumebevisst i møte med barn og unge som bor i barnevernsinstiusjon?
– Det er lett å sitte i trygge omgjevnader og snakke om at barn er som dei er av ein grunn, og at det ikkje er deira skuld og ikkje av vond vilje, seier Espen. Ein heilt annan sak er å vere på jobb, og hugse på denne kunnskapen når ein står midt opp i ein vanskeleg situasjon med eit barn. Då hjelper det at dine kollegaer har den same kunnskapen, at du har eit felles språk med kollegaene dine og at det vert jobba aktivt på arbeidsplassen med denne kunnskapen, slik at ein kan agere utfrå kunnskapen heller enn ved hjelpeløyse, sinne, redsel og andre kjensler barnet vekker i deg.
– Risikoen ved å ikkje tenke at barnets traumer kan vere årsaka til barnets atferd, er at ein kan bli straffande og gå inn i ein sirkel med barnet som gjer at ein kan bli sint, sliten og betrakte barnet som lat og umogleg å ha med å gjere, seier Inge.
– Og det kan gå ut over ein sjølv; Ein trekker deg unna, bli sjukmeldt, kranglar med kollegaer og i verste fall seier opp jobben, seier Espen.
Det var Kjetil Johnsen, fagrådgjevar ved Styve Gard som tok kontakt med RVTS Vest for å få i gang denne undervisninga. Kvifor ville de ha undervsining om traumebevisst omsorg?

– Vi har hatt kontakt med RVTS Vest før og visste dei var flinke. Samstundes har det over tid vore høgt fokus på institusjonsverksemd, metode og endring. Det er større krav til å dokumentere at behandling verkar, særleg i forhold til åtferd og rus. Vi ønskjer å ha dette på dagsorden, passe på at vi har heile spekteret av metodisk tenking og metodiske verkty. Folk har vore nøgde med nivået på undervisninga, eksempelbruken og at det er praksisnært. Vi er særs godt nøgd med samarbeidet med RVTS Vest i forkant av desse undervisningsdagane. Vi har vore godt lytta til, og fått eit skreddarsydd undervisningsopplegg.
– Kvifor dreg du ikkje meg opp av senga?
Delar av undervisninga handla om dei daglege rutinane på barnevernsinstitusjonen. Rutinar når det gjeld leggetider, rutinar kring TV og dataspeling og så vidare.
Ei av deltakarane kjem på ein episode ho hadde med ein ungdom som sleit med å stå opp om morgonen. Ungdommen vart konfrontert med dette; «Kva skal til for at du skal stå opp om morgonen?» Ungdommen svarar: «Korleis ville du fått dine eigne ungar til å stå opp?» Då svarar vedkommande: «Då ville eg bokstaveleg tala ha drege dei opp av senga!» Ungdomen svarar: «Kvifor gjer du ikkje det med meg? Kvifor dreg du ikkje meg opp av senga?»
Nokre barn og unge saknar gjerne å ha faste rutinar, og nokon som bryr seg om at dei står opp.
Traumebevisst omsorg
Traumebevisst omsorg tek utgangspunkt i korleis krenkingar og psykologiske traumer påverkar barns utvikling og fungering. Avhengig av type, alvorlegheitsgrad, varighet og tidspunkt, vil slike utviklingstraumer påvirke alle forhold ved eit barns utvikling; biologisk, emosjonelt, kognitivt og sosialt (Kjelde: Traumebevisst omsorg, teori og praksis, Jørgensen/Steinkopf).
Traumebevisst omsorg er strengt tatt ikkje ein metode, men snarare ei forståelsesramme som tar høgde for barn og unges livsbetingingar, med spesiell vekt på opplevingar i tidleg barndom. Samtidig vil denne forståelsesramma gje konkrete redskaper til hjelp for foreldre, fosterforeldre, lærarar og miljøpersonale, både i barneverns- og helseinstitusjonar, som står ovanfor barn og ungdom med særs krevjande og utfordrande atferd. TBO har vist seg å vere ei særs effektiv tilnærming, og forståelsesramma ser ut til å gje omsorgspersonar større grad av mot og håp, og ikkje minst gjere dei betre i stand til å møte krenka barn med anerkjenning og respekt, og med forståing for kva atferden deira betyr (Frederico, Jackson & Black, 2010).
Styve Gard
Styve Gard er eit hjelpetiltak som gir behandling, oppfølging og omsorgstiltak til barn og ungdom i alderen 10 – 18 (23) år, som av ulike årsaker treng barneverntiltak. Dei arbeider på oppdrag for Bufdir og ulike kommunar. Styve Gard sitt arbeid spenner frå behandling i institusjon til rekruttering og oppfølging av forsterka fosterheim, samt til heimebaserte hjelpetiltak. Dei tilbyr ei heilskapleg behandlingskjede frå inntak i institusjon til oppfølging i eigen bolig.
Les artikkelen “Traumebevisst omsorg, teori og praksis” av Tone Weire Jørgensen og Heine Steinkopf, RVTS Sør