Aktuelt
Kva treng menneske etter intense opplevingar med krig og flukt?
Ho du held i handa er først og fremst ei kvinne, dotter, søster, mor eller kone.
Medmennesker
Alle treng å bli møtt med medmenneskelighet. Vi blir menneske gjennom andre menneske. Å bli møtt med varme blikk og smil gjer at ein kan kjenna seg trygg. Tryggleik er grunnmuren i å starta på nytt. Nøkkelen er kommunikasjon gjennom kontakt.
Morsmål
Språklege brubyggjarar gjer det lettare å forstå. Å forstå kva som skjer og skal skje, kan seinka skuldrane og gje ro. Difor er bruk av tolk eller andre som kan språket avgjerande i første fase.
Ro og sosial støtte
Ro og kvile må ikkje forvekslast med isolasjon og passivitet. Isolasjon kan vera ny fiende i nytt land. Ro og kvile som vekslar med jevn tilgang til trygg sosial støtte er stabiliserande for uro og fortviling.
Kvardag
Normalitet og kvardag med meining er helande. Daglege gjeremål gjev oppleving av meistring og glede. Det ligg mykje god helse i å få bidra. Å delta i matlaging, pynta bord, bæra stolar eller å gje ei hjelpande hand praktisk gjev ei god kjensle.
Lindrande stimuli
Når tanken er full av stress er kroppen den beste hjelpar. Å vera i aktivitet er difor viktig kvar dag. Å sykla, spela fotball, dansa, syngja kjende songar, rusla i naturen, plukka blomar, vera med dyr eller annan aktivitet kan vera den lindrande stimuli hovudet treng.
Smile saman
Det gjer godt for ei mamma å sjå barnet sitt smila. Barn smiler når dei får kontakt med andre, i leik og skapande aktivitetar. Det gjev avkobling frå stress og påkobling til glede og flyt.
Det gjer underverk for eit barn å sjå ei mamma smila gjennom fortvila tårer. Å gjera noko fint saman gjer at dei oppdagar desse smila hos kvarandre. Det gjev ei oppleving av livsglede og framtidshåp.
Fleksible og oppsøkande tenester
Tenestene som skal bistå flyktningar treng å vera fleksible og oppsøkande. Alle må våga å trø litt utanfor sitt eige mandat for at det skal verta heilskap og samanheng. Det er livet det gjeld. Små grep kan ha stor verknad for eit menneske som har ein kropp full av fortviling og uro.
Du er det mennesket dei treng no
Våg å gå dei i møte, uavhengig av din utdanningsbakgrunn, uavhengig av deira sosioøkonomiske status. Akkurat slik du er, med din nestekjærleik deler du din trygghet til den som treng det. Etterkvart vil fleire trengja annan hjelp, og det skal dei få. Men i det viktige «no», er det du som gjeld.