Aktuelt
Foto: David Rijvers
10. mai inviterer RVTS Vest til eit digitalt mini-seminar om å ta imot og ivareta barn og unge som har opplevd store belastningar med krig og flukt.
Dette særleg med tanke på at det no kjem mange flyktningefamiliar frå Ukraina.
Tema:
- Kva treng barn/unge som har erfart krig, farleg flukt og ankomst til eit ukjent land?
- Erfaringsutveksling, støtte og råd.
Målgruppe:
Fagfolk frå ulike tenester i region vest som kjem i kontakt med flyktningar (barnehage, skule og andre tverrfaglege tenester).
Forelesarar:
- Beate Gauden, spesialkonsulent/spesialpedagog, RVTS Vest
- Patrick O.Loughlin, psykologspesialist, RVTS Vest
Tidspunkt: 10. mai, kl. 14-16
Seminaret er utan avgift. Frist for påmelding: 9. mai
Lenke til digitalt møte vert sendt dagen før seminaret.