Aktuelt
Kva kan vi gjere for å førebyggje utvikling av ekstreme haldningar i skulen?
- 01/02/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Førebygging Integrering Psykisk helse Radikalisering
For andre år på rad, er vi i gang med undervisning for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule som handlar om å auke kunnskapen om radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Kurset er ein del av Bergen kommune sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, og vert arrangert av Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Undervisninga er utvikla av RVTS Vest og RAFTO Stiftelsen.
1. Danning
2. Igangsetjing av tiltak
3. Beredskap
31. januar var fokus på igangsetjing av tiltak. Solveig Molderheim fra RAFTO Stiftelsen hadde innlegg om fordommar, og korleis møte desse i klasserommet. Elisabeth Harnes frå RVTS Vest underviste om “Livets tre”, som er ein narrativ metode for identitet og tilhørighet, og presenterte kunnskapsportalen om radikalisering og valdeleg ekstremisme, utveier.no, som er utvikla av RVTS.
I tillegg hadde Abdullahi Ibrahim, lærar ved Slettebakken skule, innlegg om korleis diaspora-miljøa jobbar for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme, og korleis skulane og diaspora kan jobbe saman. David Martinez, grunnleggar av Møhlenpris idrettslag, førelas om sosiale tiltak for ungdom i risikosona.