Aktuelt
Kva gjer du når livet går trått, Nils-Petter?
- 12/06/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
I samband med folkeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv» har vi spurt fleire menn om kva dei gjer i periodar kor livet er vanskeleg. Denne gongen har vi snakka med Nils-Petter Hauge.
Nils-Petter Hauge er HR-sjef i Stryn kommune, men startar ved RVTS Vest til hausten.
Kva gjer du når livet går trått?
– Først vil eg sei at eg forsøker å bli flinkare på å unngå vanskelege periodar. Det gjer eg ved å ikkje love så mykje, og ikkje sette meg så høge mål at eg blir min eigen verste fiende, for det er fort gjort. Men dei vanskelege periodane kjem, og det eg forsøker å tenke, er at dei er ein naturleg og normal, kanskje nødvendig del av livet mitt. Dei kan vere tøffe og utmattande, men dei er der av ein grunn. Ofte tenker eg at dei er ei påminning til meg sjølv, om at eg må endre noko i meg sjølv eller kanskje i ein relasjon til andre.
– Då treng eg tid til refleksjon for å forstå kva dette er. Og då likar eg meg best i hagen eller i naturen. For meg er det ei fantastisk kjelde til å finne den roen eg treng for å endre leia i livet mitt, dersom det er det som trengs.
– Når eg kjenner at det blir for mykje, prøver eg å senke krava til meg sjølv, og ikkje minst vere ærleg mot andre. Eg har lært meg at det gjer ikkje så mykje om eg må skuffe andre nokre gongar. Eg har blitt flinkare til å stole på at når det ser litt mørkt ut, slik at det kanskje påvirkar søvnen min eller hjerterytmen min, så tenker eg innerst inne at “det kjem til å gå bra”. For det har livet lært meg. Det går bra.
Kven snakkar du med når livet går trått?
– For meg er det ikkje så viktig å ha så mange å snakke med. Det viktigaste er å ha nokre få som eg stolar på. Dei rette personane. Det er ikkje alltid eg treng å snakke heller. Det er nok å vere i lag med dei. Nokon får fram latteren, andre får fram gråten kanskje – det som er rett i situasjonen. Det er ofte familie og nære vener som er viktig for meg.
– Andre gonger kan det også vere viktig at eg oppsøker andre som treng hjelp, for å vise omsorg for andre det kan vere god eigenomsorg. Eg har nokre få personar som betyr mykje for meg. Dei kallar eg blå resept-personar. Det er menneske som berre ved å vere seg sjølv, gjer livet mitt godt.
– Eg forsøker og å øve meg på at den indre stemma mi er hyggeleg og snill mot meg. Det er tross alt meg sjølv eg snakkar mest med, både i medgang og motgang. Då treng eg ei stemme som hugsar på å seie fine ting, og minner meg på alt det er gjer og kan. Det er veldig viktig. Så den stemma øver eg mykje på.