Aktuelt
Kva er samtaleterapi? Ny opplysningsfilm for flyktningar og innvandrarar
- 11/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Integrering Kunnskapsportal Psykisk helse Traume Traumebehandling
NKVTS har laga ein animert opplysningsfilm som introduserer samtaleterapi/psykologisk behandling for flyktningar/innvandrarar og andre som ikkje er kjent med kva psykoterapi er.
Opplysningsfilmen er utvikla på bakgrunn av funn i forskningsprosjektet “Behandling og rehabilitering av traumatiserte flyktninger” , og finansiert som del av prosjektet “Implementering av traumebehandlingstilbud til voksne (ITV)”
Filmen er laga for å kunne fungere uavhengig av terapiretning. Den er på fem språk; norsk, engelsk, arabisk, somali og tigrinja.
Filmen er delt inn i fire delar, som ein kan syne enkeltvis eller samanhengande. Sjå alle delane samla på NKVTS si nettside. Samla tek filmen litt over 10 minutt å sjå.
Målgruppa for sjølve filmane er personar som ein tenkjer å henvise eller som er henvist til samtaleterapi/psykologisk behandling. Dette gjeld særleg flyktningar, innvandrarar og andre som kan ha nytte av meir konkret informasjon om kva det inneber å gå i samtaleterapi.
Les meir på NKVTS si nettside.