12. februar arrangerer vi temadag om kriseteamet sitt arbeid med flyktningar på Skei i Jølster.
Reidar Thyholdt og Patrick O’Loughlin står for det faglege innhaldet.
Mange menneske i landet vårt kjem frå område med krig og uro. Når dei som har med seg vonde opplevingar, opplever nye traumatiserande hendingar, krever det at kriseteamet er ekstra merksam. Temadagen vår vil omhandle dette.
Dagen vart halde i Bergen og Sandnes før jul, til særs gode evalueringar.
Vi ynskjer nye og gamle deltakarar velkomne. Å ha delteke på tidlegare dagar på Kriseteamskulen er ein fordel men ikkje eit krav. Vi held lokaler på Skei Hotel og lunsj/kaffe. Dagen har tidsramme 10.00-15.30. Nærare informasjon om dagsorden vert sendt ut til dei påmeldte.