Aktuelt
Kraften i dialog
- 02/10/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Førebygging Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme

“Om det er en del av min tro å hate andre med en annen religionsbakgrunn må jeg revurdere min tro.”
Denne helga arrangerte Bergen kommune og Bergen moske i samarbeid med RVTS Vest ved Elisabeth Harnes, den andre av fire kursdagar i opplæring om forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme for kring 20 leiarar frå ulike moskar i Hordaland. Tema var religionsdialog mellom kristne og muslimar.
Religionsdialog er når personar med ulik religiøs bakgrunn kjem saman og diskuterer tema som religion, etikk og politikk. Innleiarar var domprost i Bergen, Jan Otto Myrset frå den norske kirken, Hamid Farouq som er tilknytta Rabitamoskeen i Oslo og Jan Opsal, dosent i religionsvitskap med fordjupning i Islam og forfattar av boka Islam: Lydighetens Vei.
Det vart fokusert på dialog og samhandling som reiskap for å motvirke fordommar, fremmedfrykt og religiøs ekstremisme. Dialog aukar evna til nytenking og set oss i stand til å leve saman i mangfold, noko som er særs viktig når samfunnet vårt har endra seg frå å vere eit homogent samfunn til eit multikulturelt samfunn kor bl. a 5 % av dagens nordmenn er muslimar.
Jan Opsal med sin solide Islamkunnskap og erfaringar tok for seg korleis muslimar og kristne kan utvikle eit forhold til kvarandre som er prega av respekt, ærlegheit og openheit slik at dei to gruppene kan lære kvarandre betre å kjenne og bidra til eit samfunn som er betre å leve i for oss alle.
Imam Hamid Farouq tok også for seg dialog mellom kristne og muslimar og spesielt om rettleiing frå Koranen og Seera som bygger på eit dialogperspektiv.
Begrepet dialog vart vinkla frå ulike viktige perspektiv og det var ein engasjert og oppløfta forsamling med ein djupare innsikt kring dialog og tru på sterkare samhandling som forlot rådhuset.