Aktuelt
Konsultasjonsteam om vold og seksuelle overgrep – relansering av nettressurs
- 06/12/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Tverretatlig samarbeid er viktig og naudsynt for å sikre tidleg oppdaging av utsette barn og unge, samt for å gi rett hjelp til riktig tid.
Alle som er i nær kontakt med barn og unge treng kunnskap og tryggleik for å oppdage dei som er sårbare og utsette. Det kan vere avgjerande for tidleg oppdaging at bekymringar vert drøfta på eit tidleg tidspunkt. For å få dette til, trengs gode samarbeidsplattformar, kommunikasjon på tvers av tenester og ein arena kor personar som arbeider med barn og unge kan lufte sine bekymringar.
Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep
Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er eit tverretatleg lågterskeltilbod kor alle som har ei bekymring for om barn eller unge kan vere utsett for vald eller seksuelle overgrep kan drøfte bekymringa og få konkrete råd om vegen vidare.
Vi har laga ei nettressurs om modellen, kor du finn informasjon om etablering og drift av team, samt korleis reflekterande team-modellen, som konsultasjonsteama baserer seg på, fungerer. Du finn også oversikt over konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep i region vest.