Aktuelt
Konferanse om endringsagentar mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting
- 16/08/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: æresrelatert vold Førebygging Helseskadelege tradisjonar Integrering Kjønnslemlesting Konferanse Kultursensitiv Psykisk helse Sosial kontroll Traume Utenforskap
RVTS’ane arrangerer ein ekspertkonferanse om endringsagentar som vil belyse kva som skal til for at endringsagentar lykkast i sitt arbeid med haldningar og praksis i eigne råka miljø.
Når ein skal jobbe med utvikling og implementering av bestepraksis (best practice) er det viktig å innhente lærdom av kvarandre sine suksesskriteriar, fallgruver/utfordringar og arbeidet med forankring og eigarskap.
På konferansen vil vi ha fokus på endringsteorier; kva inneber ein endringsprosess og korleis utvikle god endringspraksis? Kva skal til for å forvalte ein erfaringskompetanse og myndigjerast som endringsagent? Kor går grensa mellom det frivillige versus det offentlege med tanke på ivaretaking, rettleiing og oppfølging av endringsagentar?
Psykisk helse
Identitetsforhandlingar, differensiering og lausrivingsprosessar er emosjonelt komplekse og krevande. Psykisk helse-perspektivet vert derfor løfta fram som ein naturleg del av konferansen. Dansarar frå Kingwings Crew vil blant anna gjere utdrag frå forestillinga «Bur uten gitter » i ein far/dotter-duett. Frihetsteater, Likestillingssenteret KUN og RVTS Sør vil gi oss ein spennande teaser på deira samarbeidsprosjekt «Hvem vil du være?». Med oss i programmet har vi også tidlegare leiar for RESAK (Regionalt samisk kompetansesenter) som inviterer oss inn i det samiske endringslandskapet. Ein psykoterapeut vil også gi oss innblikk i endringsprosessar i den afrikanske/arabiske diasporaen.
I tillegg til plenumsforedrag vert det arrangert seks spennande workshops kor vi har samla dømer på det gode arbeidet som vert gjort i Noreg i forhold til endringsprosessar knytt til ulike minoritetsmiljø og hjelpeapparatet. Konferansen er utan avgift, og du kan melde deg på via denne lenka.