Aktuelt
Kompetansesenterforum vest: Saman for å styrkje tenestene
- 14/06/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn Flyktninghelse Førebygging Overgrep Psykisk helse Rus Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Vold
I region vest er det seks kompetansesentra, som alle har til felles å bidra til å styrkje kompetansen og kvaliteten i tenestene. Med mål om å bli meir synleg for tenestene, har ein oppretta Kompetansesenterforum vest.
Bakgrunn
Kompetansesentra kan ha ulike fokusområde i møte med tenestene, men alle sentra har ein visjon om å vere ei “teneste for tenestene” og bidra til kunnskapsbasert praksis i tenester for barn, unge og vaksne i regionen. Sentra sine oppgåver er overlappande, både når det gjeld formål og oppdrag, geografisk nedslagsfelt og målgrupper.
Korleis vere ei teneste for tenestene?
Kompetansesenterforumet skal vere eit forum for utveksling av kunnskap, erfaringar og samordning av strategiar i arbeidet mot kommunar, helseforetak, BUFetat med fleire. Hovedmålet for kompetansesenterforumet er å gjere sentra sine tenester mest mogleg koordinert og dermed bidra til at sentra sine tenester blir meir tydeleg og betre kjent i regionen sine kommunar og i alle aktuelle tenester. Det er difor viktig å vere i dialog med tenestene.
Nyleg inviterte Kompetansesenterforum vest eit utval kommunar i regionen for å høyre om deira erfaringar med kompetansesentra og for å finne ut korleis kommunane ynskjer at kompetansesentra kan samarbeide til beste for kommunane.
Kommunane Årdal, Askøy, Time og Sandnes presenterte ulike undervisnings- og prosjektsamarbeid som dei har med kompetansesentra. I tillegg kom dei med konkrete råd til korleis sentra kan samarbeide og profilere seg.
“Kompetansesenterjungel”
RVTS, RKBU, KORUS, NAPHA, STATPED.
Noko av det kommunane påpeikte, var at dei sakna ein oversikt over kompetansesentra som syner kva hovudansvarsområde dei ulike sentra har. For at kommunar og andre tenester skal kjenne til kompetansesentra, så bør dei vere gode på å profilere seg seg, både når det gjeld nettsider og sosiale media og ved å kontakte dei riktige etatane og personane i kommunene.
Samstundes er det ei forventning frå kommunane om at kompetansesentra kjenner til kvarandre sine ansvarsområde slik at dei kan rettleie kommunane til å ta kontakt med riktig senter, alt etter kva behov kommunane har.
Kompetansesentra jobbar vidare med ein plan for korleis dei kan ivarta og utvikle samarbeidet med kommunane, både når det gjeld kommunane sine behov for kompetanse og for å få synleggjere kompetansesentra.