Aktuelt
Kompetanseløft i kommunen om vald og seksuelle overgrep
- 19/10/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn Seksuelle overgrep Vold
Kurt Helge Dahl er leiar for pilotprosjekt i Kvinnherad og Ullensvang, som handlar om å auke kompetansen om vald og seksuelle overgrep mot barn. Foto: Jorun Larsen, Grenda.
Kommunane Ullensvang og Kvinnherad er i gang med eit pilotprosjekt kor dei blant anna har som mål at born og unge i kommunane skal få kunnskap om vald og overgrep, og ikkje minst vite kvar dei kan få hjelp.
Prosjektet er finansiert gjennom Statsforvaltaren i Vestland sitt Læringnettverk for barnevernstenester og RVTS Vest er ein av samarbeidspartnarane i prosjektet. Statsforvaltaren i Vestland si kartlegging av status i kommunane knytt til det valdsførebyggande arbeidet, finn at dei fleste leiarare meiner at eigne tilsette treng meir kompetanse på korleis dei skal førebygge, oppdage og handle dersom dei har mistanke om at barn og unge vert utsett for vald eller overgrep.
Viktig å forstå at vald og seksuelle overgrep skjer – også i nærområde vårt
– Alle barn har rett til å vekse opp utan vald og overgrep, seier rådgjevar i Ullensvang kommune, Vibeke Lynghammer.
– For å lukkast med arbeidet mot vald i nære relasjonar, er det nødvendig med auka fokus på problematikken. Vi meiner det er viktig at innbyggjarane og tilsette i Kvinnherad og Ullensvang forstår at vald kan skje i nærområdet og med barn og familiar me kjenner. Vald skjer i alle samfunnslag. Det er ikkje lenger slik at det berre er barnevernet som har særleg ansvar for barn og unge som er utsett for vald og overgrep. Dette er eit ansvar alle tilsette i kommunen har. Med prosjektet vårt ynskjer vi å sette fokus på tidleg innsats og førebyggjande arbeid.
Tre fokusområde
I prosjektet har vi tre fokusområde, fortel Vibeke Lynghammer.
– Vi skal ha ein plan eller system for å auka kompetansen om vald og seksuelle overgrep i kommunale tenester, vi skal ha ein plan eller system for å auke barn og unge sin kunnskap om vald og seksuelle overgrep og vi skal ha ein god modell for hjelpetiltak til barn og familiar der det er mistanke eller avdekka vald eller seksuelle overgrep, slik at barn får rett hjelp til rett tid.
Vaksne kvir seg for å snakke med barn
– Barn treng å vite kva vald og seksuelle overgrep er, dersom dei skal kunne fortelje om det, seier områdeleiar for barn og unge Linda R. Kvalvik. – Og det er vi vaksne som må sørge for at barn lærer kva som er greit og ikkje greit og kvar dei kan få hjelp.
Linda er opptatt av at tenester som jobbar med barn og unge er trygge på å snakke med barn, også om desse tema.
– Men mange vaksne kvir seg for å snakke med barn om slike ting, og då er det viktig at dei har støtte i leiing og verktøy, seier ho.
– I prosjektet til Ullensvang og Kvinnherad, nyttar dei verktøyet Jegvet.no. Det er ein gratis læringsressurs for barnehagar og skular, som tek opp tema som vald, seksuelle overgrep, mobbing og barns rettar. Innhaldet er knytt til rammeplan for barnehagar og læreplan for skular. Undervisninga er alderstilpassa med rettleiing til den vaksne, seier Linda.
Aldertilpassa informasjon ved hjelp av Jegvet.no
– Barn må få alderstilpassa informasjon om vald og seksuell overgrep, seier Vibeke.
– Denne hausten starta vi opp med pilotar i begge kommunane. I prosjektet har vi valgt å bruke jegvet.no som undervisningsopplegget barnehagane og skulane skal nytte. Målet er at alle barnehagar og skular i kommunane våre skal ta i bruk dette frå hausten 2023.
– Vi opplever Jegvet.no som ein god og intuitiv ressurs, som er enkel å ta i bruk. Med dette prosjektet vil vi sikre at alle barn og unge får same informasjon, og blir gjort kjend med kva barnevernet er, grenser for eigen kropp, at det aldri er barn si skuld, og kven ein kan fortelje til.
Kurt Helge Dahl er leiar for pilotprosjektet, og Vibeke Lynghammer er rådgjevar.
Ynskjer du å vite meir om korleis du kan nytte læringsressursen Jegvet.no?
Kontakt: Linda R. Kvalvik, områdeleiar for barn og unge.
Treng din kommune hjelp til utarbeiding av handlingsplan om vald? Bruk veileder for utvikling av kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner, laga av NKVTS og RVTS.