Aktuelt
Kom i gang med å spele på Snakke sammen!
- 10/06/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn barnesamtalen omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Skole Traume Video Video/film
På Snakke sammen kan du øve deg på å snakke med barn du er bekymra for.
I tillegg til at ein kan øve seg i ein samtalesimulator, finn ein både fagstoff og nedlastbart materiell. Etter at nettportalen vart relansert med nytt design og nye avatarar, har interessen auka. Snakke sammen er mykje brukt, med fleire hundre tusen besøkande. Pandemien har truleg også vore ei årsak til den auka interessa.
– Sjølv om det er mange besøk på nettsida, ser vi likevel at enkelte vegrar seg for å ta i bruk sjølve spel-delen av Snakke sammen, seier Steinar Hvål, psykologspesialist ved RVTS Vest.
– For å senke terskelen for at folk tek denne i bruk, vart eg motivert til å lage to videoar som viser kor enkelt det er. Ein treng ikkje erfaring med gaming for å dra nytte av spelteknologi som eit verktøy for å øve, seier Steinar.
I samarbeid med RVTS Øst, arrangerte vi nyleg eit frokostseminar kor tema var nettopp korleis spelsimulering kan brukast til å øve på samtalar med barn og ungdom.
Steinar og Ane Simonsen, spesialrådgjevar ved RVTS Øst, hadde framsyning av filmane og snakka i tillegg om kva det er som gjer at mange opplever det som utfordrande å snakke med barn ein bekymrar seg for, og kvifor det derfor er viktig og lurt å øve. Sjå heile frokostseminaret (kun 30 min.).
I film 1 gir Steinar ei kort innføring i korleis opprette brukarprofil på Snakke sammen, samt at han spelar gjennom ein heil intervensjon med ein av avatarane, Viktoria, i film 2.
1. Korleis opprette brukarprofil på Snakke sammen:
2. Korleis øve ved å bruke samtalesimulatoren på Snakke sammen:
Vi anbefaler å bruke samtalesimulatoren på PC, Mac og nettbrett. Brukaropplevinga er ikkje like god på mobil.