Kampanje
Folkeopplysningskampanje om forebygging av sjølvmord
Kampanjen er initiert av Helsedirektoratet og retta mot befolkninga, samtidig som eit opplæringstilbod går ut til tilsette i kommunar, helseforetak, fastlegar og frivillige.
Landingsside for kampanjen er helsenorge.no/selvmordstanker, kor det er informasjon om sjølvmordstanker og sjølvmord, samt oversikt over kor ein kan få hjelp.
På denne nettsida finn du ressursar som kurs, rettleiarar og andre sentrale dokument og nettsider i arbeid med førebygging av sjølvmord.
VIVAT Selvmordsforebygging og RVTS Vest tilbyr jamnleg kurs om førebygging av sjølvmord:
I kampanjeperioden tilbyr RVTS Vest inntil 20 kurs til halv pris, «første mann til mølla prinsipp». Dette gjeld VIVAT-kursa «OPS! Oppmerksom på selvmordstanker» og «Førstehjelp ved selvmordsfare» (Les om kursa under).
Kontakt linda.thomassen@helse-bergen.no for å bestille kurs til halv pris i kampanjeperioden.
RVTS Vest kan også tilby kurs om førebygging av sjølvmord tilpassa di teneste. Kontakt linda.thomassen@helse-bergen.no for å kunne avtale dette nærmere.