Aktuelt
“Jeg vet” – Voldsforbyggende og livsmestringfremmende opplæring
- 16/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn barnesamtalen Fra plan til handling Helseskadelege tradisjonar Kommunen sitt arbeid med forebygging av vald Kunnskapsportal Mobbing omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Ressurs på nett Ressurser for avdekking av seksuelle overgrep Seksuelle overgrep Skole Sosial kontroll Tidlig innsats Traume Traumebevisst Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
«Jeg vet» er ein digital ressurs som skal bidra til at barnehagar og skular legg til rette for og gjennomfører valdsforbyggande og livsmestringsfremjande opplæring.
Ressursen inneheld kvalitetssikra ressursar for organisering og gjennomføring av barnehagar og skular sitt arbeid med barn sin kompetanse på vald og seksuelle overgrep.
Dette er ein nasjonalt anbefalt og kvalitetssikra ressurs som gir enkel og tydeleg informasjon om korleis du som lærar kan legge til rette for og gjennomføre førebyggande opplæring om vold og seksuelle overgrep. Du får informasjon om kva du må vite før opplæringa, korleis du skal gjennomføre opplæringa og kva du må ha lett tilgjengeleg dersom vald eller overgrep vert avdekka. Ressursen gir deg støtte og rettleiing gjennom heile prosessen, og er fleksibel for eventuelle tilpasningar du måtte foretrekke for opplæringa.
Ressursen har som mål å førebygge vald og seksuelle overgrep mot barn. Målet er å gi barn kunnskap om og forståing for kva ulike former for vald, mobbing, seksuelle overgrep, korleis vald og overgrep skadar og kven ein kan snakke med. Elevane får presentert fleire formar for vald; som tvangsekteskap, negativ sosial kontroll, pornografi, samt om vald, overgrep, grooming og mobbing på internett.
Kjelde: jegvet.no