Aktuelt
Jeg valgte livet
- 05/11/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt etterlatte Kriser Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading Traume
Foto: Dimitri Houtteman / Unsplash
Hensikten med prosjektet “Jeg valgte livet” er å skape meir openheit om sjølvmord og å vise at det nyttar å bry seg.
Det er LEVE – landsforeningen for etterlatte etter selvmord som står bak prosjektet, som starta opp i 2018. Det er blant anna laga 7 korte videoar med menneske som har hatt sjølvmordstankar. Dei fortel om korleis dei klarte å komme ut av dette ved eiga kraft eller med andre si støtte.
I desse dagar har LEVE ein kampanje i sosiale media, kor dei deler filmane. RVTS Vest, og fleire aktørar i det sjølvmordsforebyggande miljøet i Noreg – ønsker å vere med å løfte fram bodskapet om at det finnast hjelp, at det er håp.
Vil du eller di teneste vere med å dele bodskapet? På LEVE si nettside kan du finne informasjonsmateriell.
Oversikt over videoane:
Filmen om Erle er den første filmen som vert delt. Erle hadde sjølvmordstankar allereie i tenåra. Vart ho redda av lærerinna uten å vite det sjølv? Erle følte seg utanfor og verdilaus gjennom heile skuletida, og sleit med sjølvmordstankar. Heldigvis hadde ho ein lærar som viste at ho brydde seg om henne, men som kanskje sjølv ikkje forsto kor viktig ho var for Erle. Les meir.
Resten av filmane finn du her: Fri, Snur tankene, Tok affære, SMS-avtalen, Løftet og Venninnen.
Relevant:
Vil forebygge selvmord med kortfilmer (NAPHA)
Kommunal handlingsplan om forebygging av selvmord og selvskading
Snakk om sjølvmord – Helse Vest-kampanje