Aktuelt
Jeg ser deg
- 11/08/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn Førebygging omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Utviklingstraumer Vold

Kampanjen “Jeg ser deg” er ein kunnskaps- og erfaringsbasert oppmerksomhetskampanje retta mot vald og overgrep mot barn.

– Dette er eit prisverdig initiativ av Lene Chatrin Hansen, som set utsette barn på den politiske dagsorden i samband med valkampen, seier Dag Nordanger, psykologspesialist og Dr.Psychol ved RVTS Vest.
– Kampanjen er partipolitisk nøytral, og utfordrar politikarane til å halde dette viktige temaet oppe. Heldigvis har det vore stor semje på Stortinget om viktigheita av å beskytte barn mot vald, overgrep og omsorgssvikt, og stor tverrpolitisk satsing på det. Men som Barnevoldsutvalet sin rapport syner, er det framleis mange barn som ikkje får den hjelpa dei treng. Vi følger denne kampanjen med stor interesse, det kjem til å dukke opp viktige stemmer og klare budskap om dette tema, både frå personar som sjølv har vore utsett og frå fagpersonar, avsluttar han.