Aktuelt
– Hovedmålet er å bidra til auka avdekking av vald og overgrep mot born
- 04/11/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Vold, seksuelle overgrep
50 fagfolk frå dei tverretatlege konsultasjonsteama om vald og seksuelle overgrep i Bergen og omegn var nyleg samla til ein fagdag om oppdragarvald
Chiku Ali frå fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon førelas med glødande engasjement. Korleis skal vi formidle til menneske som kjem frå ein annan kultur at det ikkje er greit å slå sine barn her i Noreg? Korleis formidle til menneske som har eit heilt anna tankesett?
Tverretatleg og tverrfagleg fokus
Denne fagdagen er ein av mange fagdagar som vert arrangert for dei tverretatlege konsultasjonsteama om vald og seksuelle overgrep. – Fagleg påfyll er viktig for å halde teama i gang, seier Inge Nordhaug og Reidun Dybsland, som er ansvarlege for desse samlingane. Dei har vore med å opprette meir enn 30 konsultasjonsteam i heile region vest. Og nye team kjem stadig til.
Kva er eit tverretatleg konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep mot barn?
– Det er team som er tverretatleg og tverrfagleg samansett, og som har mandat til å yte råd, rettleiing og konsultasjon til offentlege tenester og privatpersonar som har bekymring for overgrep mot barn.
Det er eit lågterskeltilbod, noko som betyr at fagfolk kan kontakte teamet når dei er bekymra for om eit barn kan vere utsett for overgrep, dei treng ikkje vere sikre. Det viktige er at fagfolk har eit kompetent miljø å vende seg til for å få hjelp med å tolke åtferda og utsegna som har vekt bekymring. Dei kan få rettleiing på korleis ein kan gå fram for å avklare situasjonen, og om arbeidet vidare dersom bekymringa viser seg berettiga. Teama er vanlegvis sammensett med representantar frå barnevernet, psykisk helsevern for barn og unge og kommunehelsetenesta, og alle saker som vert lagt fram i teamet er anonymisert.
Kven kan ta kontakt med teama?
– Dei som i kraft av si yrkesutøving har ei bekymring for overgrep, som for eksempel lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell, tannhelsetenesta og andre fagfolk som møter barn. Også privatpersonar kan ta kontakt med teama.
Kva er målsetjinga på sikt?
– Hovedmålet er å bidra til auka avdekking av vald og overgrep mot born!
Inspirerande samlingar
Anne Hodneland Sundfjord og Merete Lekven, begge frå det tverretatlege konsultasjonsteamet om vald og seksuelle overgrep i Os kommune, er svært glade for desse samlingane. – Det å kome saman, dele erfaringar og få fagleg påfyll er svært inspirerande og nyttig for oss. Vi prioriterer høgt å komme på desse.
Vi ønskjer å trekke fram kurspakken «Handlingskompetanse ved bekymring for eller kjennskap til at barn utsettes for vold og seksuelle overgrep»*. Vi har nettopp halde vårt sjuande kurs for barnehagetilsette og lærarar i Os kommune. Vi er svært nøgde med denne, den er enkel å bruke og det er gøy å lære vidare. Manualen er eit verktøy som gjer oss trygg i formidlinga. Vi har også fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei vi har halde kurs for.
* RVTS Vest har med midlar frå Exstrastiftelsen Helse og Rehabilitering, gjennom Redd Barna, utvikla ein kurspakke for medlemmar av konsultasjonsteama for å gi dei opplæring i gjennomføring av denne fagdagen. RVTS Vest har ansvaret for kvalitetskontroll, og den som leder dagen må vere kvalifisert til dette ved å ha gjennomført RVTS Vest sin kurspakke, som er bygd opp gjennom fire samlinger á to dager.
Relevante lenker
Tverretatleg konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep i nærleiken?
Konsultasjonsteammodellen i Vest-Norge: De første systematiserte erfaringene
(Artikkel i Norges barnevern 2012 NR 1–2 – 2012, VOL. 89, SIDE 4–14)