Aktuelt
Hjelp til hjelperen er ein ressurs som gir auka kunnskap om stress, utbrentheit og fatigue, samt verktøy som kan vere til hjelp.
Ettervirkningar av pandemi og pågåande krig i Europa har ført til eit stort press på frivilligheita, primær- og spesialisthelsetenestene.
Mange tilsette og frivillige har opplevd langvarig stress og krevjande belastningar. Dette kan føre til utmatting, slappheit etter anstrengingar, vanskar med hukommelse og konsentrasjon. Desse symptoma kan vedvare i lang tid.
Ei rekkje tiltak kan førebyggje eller dempe slike symptom; Trygt arbeidsmiljø, kollegastøtte, god leiing og rettleiing. Det er også viktig å ta vare på seg sjølv.
Hjelp til hjelparen
For å møte nokre av utfordringane har vi utvikla nettressursen Hjelp til hjelperen. Her finnast informasjon om tiltak som kan hjelpe mot fatigue (+ Prat), belastande hendingar (Debrifing og defusing), samt kurstilbod og øvingar som handlar om korleis vi kan støtte og styrke kvarandre i ein travel kvardag (Bli gruppeveileder og Leirbålet).
Høyr Geir Olsen, prosjektleiar og fagansvarleg for Hjelp til hjelperen, snakke om +Prat, eit kurs som bygger på anerkjennande intervju og anerkjennande organisasjonsteori.
- Den beste måten å motvirke utmattelse og slitenhet på, er å fokusere på det vi faktisk får til, seier Geir.
Les meir om +Prat og andre ressursar på Hjelp til hjelperen.