Aktuelt
Hjelp til å hjelpe
- 02/10/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging

For tre år sidan ba sjef for oppveksttenster i Bømlo kommune om hjelp til betre og forstå flyktningproblematikken. – Sidan den gang har vi møtst kvar annan månad, fortel psykologspesialist Patrick O`Loughlin frå RVTS Vest.
Av Eli Gunnvor Grønsdal
Gruppa består av fagfolk frå barnevern, skule, barnehage, asylmottak, helsestasjon, PPT, Vaksenopplæringa, bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar, Psykisk Helse og NAV.
I dag føregår møtet i den store idrettshallen på Bømlo. Ute skin sola og den velhaldne fotballbana er intens grøn.
– At gruppa som møtes her er tverrfagleg er absolutt positivt, fortel O`Loughlin. – Det er meininga at gruppa skal kunne lufte sine problemstillingar knytt til flyktningar kommunen har busett, eller som bur i kommunen midlertidig.
I tillegg til O`Loughlin er spesialkonsulent og fysioterapeut Rolf Vårdal, også frå RVTS Vest, med på møtet.
– Det er ikkje meininga vi skal komme her som ekspertar med alle svara, men vi skal sette i gang diskusjon og rettleie vidare, seier Vårdal.
Patrick fortel at det er viktig at gruppa føler tryggheit til å ta opp vanskelege saker på tvers av instansar.
– I den modellen vi har lagt opp skal dette vere ein trygg stad å lufte saker. At skulen, eller barnehagen, sit med ei uro for eit barn, kan luftast anonymt, for så å få innspel og gode råd frå helsestasjonen, frå barnevernet, eller frå oss.
Fiksar ikkje livet
Rektor ved ungdomsskulen tek opp problematikken med at stadig fleire ikkje-etnisk norske elevar oppsøkjer kontoret på bakgrunn av problem dei opplever i skuledagen.
– Det verkar som om dei ikkje heilt fiksar livet. Vi har elevar som snakkar arabisk, somali, russisk og tigrinja. I tillegg føler vi oss litt utanfor systemet. Kor kan vi få rettleiing, slik at vi kan betre forstå kva dei slit med, spør ho. – Når vi først har fått desse elevane vil vi gjerne at dei skal lære noko, uavhengig om dei får opphald eller ikkje. Å kunne lese og skrive har dei bruk for i alle land. Det er vanskeleg å sende desse unge menneska frå oss, om dei ikkje har nokon ferdigheiter.
– Vi frå RVTS Vest kan kanskje hjelpe ved å vere med å arrangere ein temadag om traumeforståing og/eller sorg, om ønskeleg, føreslår O`Loughlin. Rektor lovar å ta opp forslaget på eit møte førstkommande måndag, kor alle ungdomsskulane i kommunen kjem saman.
– Eg er overraska over kor lite de veit med omsyn til kva vi frå RVTS Vest kan bidra med. Vi må visst bli flinkare å markedsføre oss, seier O`Loughlin.
Har vi bruk for RVTS Vest
Gruppa har eksistert i tre år og det er igjen tid for evaluering og spørsmålet om gruppa skal fortsette, blir tatt opp.
– Eg synest kanskje det blir litt mykje diskusjon fram og tilbake. Det er mogleg vi trenger meir temadagar eller kurs. Når vi får problem går vi som oftast direkte til den instansen det gjeld og kan ikkje vente med eit problem til denne gruppa møtes kvar annan månad, seier ein av dei tilsette frå helsestasjonen.
Ein annen peikar på viktigheita av samarbeid på tvers av faggrupper.
– Dette er ikkje staden å løyse problem på individnivå, men meir ein stad der vi får hjelp og gode råd, både frå andre deltakarar og frå RVTS Vest, seier ein lærer frå innføringsklassen.
– Eg synest det er vanskeleg å dele dei råda og den hjelpa eg får med andre tilsette på skulen. Eg skulle derfor ønskje at RVTS Vest kunne komme til skulen for å ha møte med alle lærarane, seier ein annan skuletilsett.
Ein tilsett på NAV synest møta er nyttige.
– Det kjem nye tiltak og nye tilbod heile tida. Dette feltet er i stadig utvikling og det skjer noko heile tida. Eit slikt tverrfagleg nettverk er derfor ein svært nyttig møteplass for å dele informasjon og komme med ny kunnskap, seier ho.
På møtet deler ho informasjon om kor andre fagetatar kan søkje pengar til ulike aktivitetar.
– Det ligg masse pengar øyremerkt flyktningar som svært få søkjer på. Her har de muligheita til å få ut nokre kroner og øre som kjem den gruppa til gode, seier ho.
Gruppa løyser seg opp etter ei økt på tre timar. Dei konkluderer med å fortsette, men å gjere møta noko meir strukturert. O`Loughlin og Vårdal har gjennomført endå eit møte i regionen og vender igjen nasa mot Bergen.