Aktuelt
Helsetilbodet til flyktningar og asylsøkjarar
- 02/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging Kriser Psykisk helse Traumebevisst Traumebevisst omsorg
I dagens situasjon med eit aukande tal flyktningar og asylsøkjarar frå Syria og andre land er det
viktig med eit godt helsetenestetilbod på mottak og i kommunar etter bosetting.
Helsedirektoratet har oppdatert rettleiaren for helsetenestetilbodet til asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforente.
I rettleiaren presiserer Helsedirektoratet kommunen sitt ansvar for å sikre likeverdige helsetenester til denne gruppa. Rettleiaren beskriver helseundersøkingar i transittfasen, i ordinære statlege mottak og etter bosetting i kommune og er eit viktig reiskap for helsepersonell og leiarar i primær- og spesialisthelsetenesta.
Helsedirektoratet anbefalar at alle aktuelle tenestestader og tenesteytarar tek rettleiaren i bruk.
I rettleiaren vert det og minna om dei regionale RVTS og vår rolle som er å bistå med råd og rettleiing, då vi har spesialkompetanse på flyktninghelse og migrasjon.
Den oppdaterte rettleiaren: Helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente
Nyhet på Helsedirektoratet sine nettsider