Aktuelt
Hatprat og islamofobi aukar opplevinga av utanforskap
- 11/11/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Hatprat Psykisk helse Radikalisering Sosial kontroll Voldelig ekstremisme
«Det kan være lett å la seg rive med av konspirasjonsteorier. Det som gjør at en del mennesker lar seg overbevise, er at det alltid er noe sant i dem. Konspirasjonsteoriene er gjerne basert på noen fakta, men måten disse faktaene behandles på, gjør det hele til en konspirasjonsteori, og ikke til ordentlig kunnskap».
Dette skreiv Professor Anna Birgitta Nilsen i eit debattinnlegg i Bergens Tidende nyleg, inspirert av to konferansar i Bergen om radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Den 23.oktober arrangerte RVTS Vest saman med Bergen kommune og Bergen moské ein nasjonal konferanse om forebygging av polarisering gjennom inkludering.
Konferansen var inspirert av erfaringar frå vårt samarbeidsprosjekt knytt til kompetanseheving av imamar og leiarar i moskear i løpet av dei tre siste åra.
Vi satte søkelys på hatprat og islamofobi; fenomen som er med på å auke opplevinga av utanforskap hos personar med muslimsk bakgrunn. Tema vart belyst både via refleksjonar, erfaringar og metodar frå vårt samarbeid, samt frå fremragande forskarar og fagpersonar på islamofobi, hatprat og høgreekstremise frå Storbritannia og Noreg.
Same veka arrangerte Regjeringa den nasjonale konferansen om radikalisering og valdelig ekstremisme i Bergen, kor RVTS Vest, Bergen moské, Bergen Kommune og Vest politidistrikt delte erfaringar frå ulike faglege perspektiv og tiltak som imamprosjektet og Bergensmodellen for mentorordning. Det tverretatlege samarbeidet kring radikalisering og valdelig ekstremisme vart løfta fram som ein berikelse og avgjerende faktor for dei positive erfaringane og utviklinga kring arbeidet med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i Bergen kommune.
Gjennom vårt samarbeidsprosjekt har vi blant anna besøkt, erfaringsutveksla og utvikla dialog med to av Englands viktige moskear, East London Mosque og Finsbury Mosque. Dei har viktige erfaringar på dette feltet, seier Elisabeth Harnes frå RVTS Vest. På bakgrunn av samarbeidet var representantar frå moskeane henta inn som foredragshaldarar på begge konferansane i Bergen.
Inspirert av konferansene i Bergen skreiv professor Anna Birgitta Nilsen, som og var innleiar på konferansen, debattinnlegget Vi må motvirke hatprat, 7. november.