Justis- og beredskapsdepartementet og RVTS Vest invitererer til nasjonal konferanse om gode modellar for samarbeid og samhandling i arbeidet mot vald i nære relasjonar.
Det er den sjuande gongen konferansen vert arrangert. Det vert presentert ulike modellar for, og erfaringar med samhandling kring avdekking, sikring og oppfølging av menneske med valdserfaringar. I tillegg vert det utdeling av årets samarbeids- og samordningspris.
Målgruppe er alle som har en jobb kor dei møter menneske utsett for vald i nære relasjonar.