Aktuelt
Gjer vi ein forskjell for utsette barn?
- 29/02/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Vold

22. – 25. mai vert den 9. konferanse om barnemishandling og omsorgssvikt arrangert i Stockholm.
Det er Nordisk forening mot barnemishandling og omsorgssvikt (NFBO) som står bak denne store nordiske konferanse som i år vert arrangert for niande gong. I 2012 vart konferansen arrangert i Bergen med nærare 400 påmeldte, og RVTS Vest var ein av arrangørane.
Temaet får årets konferanse i Stockholm er Gör vi en skillnad för utsatta barn?
Konferansen har fokus på dei langsiktige konsekvensane av å bli utsett for vald og omsorgssvikt. God praksis når det gjeld barneintervju, rettslege og medisinske utreiingar, risiko og sikkerhetsvurderingar, samt behandling vert tematisert.

Dag Nordanger (RVTS Vest/RKBU Vest) er med i styret for NFBO. I år er han og med i den vitskaplege komiteen for konferansen, og oppmodar folk til å melde seg på.
– Allereie nærare 300 har meldt seg på NFBO konferansen, og det er forventa over 500, seier Dag Nordanger. – Vi blir mange frå Noreg. Konferansen vert opna av Dronning Silvia, og det er fleire internasjonale kapasitetar på talarlista.
– Blant dei Vincent Felitti, mannen bak ACE studien – verdas største studie av helsekonsekvensar av barndomstraume, som har vore ein augeopnar for mange av oss i feltet.
– Eg ser fram til fire dagar flott fagleg og sosialt program, og håpar at endå fleire melder seg på, avsluttar Dag Nordanger.
Last ned det spennande programmet under, eller les og meld deg på her.
