Jobbar du med barn, eller har barn sjølv? Synest dei det med Korona er litt dumt og vanskeleg? Då bør du sjå denne kreative 5-minutter lange videoen saman med dei!
Dag Nordanger og Hanne Braarud snakkar direkte til barn om reaksjonar på Korona-situasjonen, og om kva som kan hjelpe. Dei har laga «Toleransevinduet for barn», med meir barnevennlege symbol og begrep. Videoen kan også nyttast i andre samanheng enn korona-situasjonen. Dag og Hanne har tidlegare skrive mykje for vaksne om dette temaet, både i boka «Utviklingstraumer» og i fleire artiklar.