Aktuelt
Frå handlingsplan til praksis
- 06/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arrangement Førebygging Konferanse Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Sjølvskading

Den 8. nasjonale konferansen om sjølvmordsforskning- og – førebygging vert arrangert i Kristiansand.
Helsedirektoratet har beslutta at dei ønskjer å dekke deltakaravgifta for tilsette i kommunar og deltakarar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar. Nytt sjansen til å oppdatere deg på feltet og fortell dine kollegaer eller andre som kan vere interesserte.
- Foto under Creative Commons Zero-lisens.
Med handlingsplan for førebyggjing av sjølvmord og sjølvskading frå 2014 som bakteppe, fokuserar programmet for konferansen på sjølvmordsførebygging på sentrale arenaer i samfunnet.
Med presentasjonar av inviterte føredragshaldarar frå inn og utland i kombinasjon med innsendte bidrag vert det lagt opp til eit fagleg breitt program med høg kvalitet.
Målgruppa for konferansen er tilsette i spesialist- og kommunehelsetenesta og andre som kjem i kontakt med menneske risikoutsett for sjølvskading, suicidal atferd eller som kjem i kontakt med etterlatne ved sjølvmord. Fagfolk, klinikarar, studentar, forskarar og andre som har interesse for sjølvmordsførebygging.
RVTS SØR og Nasjonalt senter for selvmordsforskning og – forebygging (NSSF) er arrangørar.