Aktuelt
Første samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge
- 16/11/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke sitt arbeid med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.
Tekst: Statsforvaltaren i Vestland
Det er Ressurssenter om vald, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Statsforvaltaren, Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS), Regionalt kompetansesenter for barn og unge (RKBU) og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland som inviterer til nettverket.
For meir informasjon om bakgrunn, formål og innhald viser vi til informasjonsbrev sendt til postmottaka i kommunane, og til informasjonsmøta vi gjennomførte 25. og 27. oktober 2023
Oppstartssamling i nettverket er onsdag 6. desember
Kvar kommune kan melde på mellom to til seks representantar til nettverket.
Vi oppmodar i tillegg kommunalsjefar med ansvar for oppvekst, sosial, helse, kultur, fritid og barnevern til å delta på dette oppstartsmøtet. Om de ikkje har anledning til å delta på heile møte, vil programmet mellom klokka 09.00-11.00 vere særleg relevant for dykk.
Skjema for påmelding finn de her.
Ved å melde deg på denne samlinga, melder du deg inn i nettverket. Du vil automatisk få tilsendt invitasjonar til dei kommande samlingane i nettverket. Kommunalsjefane vil berre få invitasjon til årsmøtet, og ved høve der det blir teke opp tema som er særleg relevant for dykk.
Vi vil også velje kven som blir kommunane sine representantar inn i styringsgruppa for nettverket på dette møtet. Ta kontakt om de ønskjer å stille som kandidat til dette. De finn program for samlinga under «Dokument».
Kommande samlingar
Noter gjerne ned tidspunkt for dei kommande samlingane i nettverket allereie no:
- Andre samling: 15.- 16. februar (fysisk)
- Tredje samling: Onsdag 10. april 12-15 (Teams)
Vi vil tilby kommunane støtte i arbeidet
Implementering av nye arbeidsmåtar, metodar og kompetanse er krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette viktige arbeidet. God og heilskapleg rådgjeving og støtte er eit slikt grep.
Les meir om bakgrunn og føremål for nettverket
Den 8. september sendte vi ut informasjon og invitasjon til postmottaka i alle kommunane i Vestland.
Dersom de har spørsmål før møtet kan de ta kontakt med Linda Renate Kvalvik.
Lenke til samlinga vert sendt ut på e-post seinast dagen før.