Aktuelt
Forebyggingsforum 2013: Sjølvskading og DBT
- 13/02/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging Kurs/konferanse Sjølvmord

I april blir det forebyggingsforum i Bergen, Stavanger og Haugesund
Vi inviterer til forebyggingsforum med temaet “sjølvskading og DBT”.
Bergen 10. april / Stavanger 11. april / Haugesund 12. april
DBT tyder Dialektisk atferdsterapi, og er ein behandlingsmetode som vart utvikla av den amerikanske professoren og psykologen Marsha M. Linehan som ein prinsippstyrt, delvis manualbasert behandlingsmetode for vaksne kvinner med borderline personlegdomsforstyrring og eit mønster av gjentakande sjølvskadande atferd.
Gjennom empirisk forskning fann Professor Marsha M. Linehan og hennar kollegaer at standard kognitiv atferdsterapi (CBT) ikkje møtte denne pasientgruppa sitt behov i tilstrekkeleg grad. Dei tilførte derfor fleire behandlingsteknikkar og utvika ei behandling (DBT) med markant betre effekt på pasientgruppa (Kjelde: Nasjonalt Senter for selvmordsforskning og -forebygging).
Førelesarar:
Anita Johanna Tørmoen
Stipendiat, spesialist i pedagogisk-psykologisk rådgivning cand.paed. Tilsett ved NSSF.Tørmoen har ei stipendiatstilling i prosjektet Dialektisk atferdsterapi (DBT) for undom med repeterande suicidalatferd. Ho er med i DBT-behandlarteamet og er prosjektleiar for «STERK NOK», eit pilotprosjekt der unge med sjølvskadingsproblematikk får tilbod om å delta i meistringsfokuserte grupper. Tørmoen er i tillegg lærar på NSSF sitt DBT-utdanningsprogram
Else-Helen Stokkvik
Ho er psykiatrisk sjukepleiar og tilsett i fagteam sjølvmordsførebygging ved RVTS Vest som spesialrådgjevar innan feltet sjølvmordsførebygging. Har fleire års erfaring med vurdering av pasientar etter sjølvmordsforsøk, og har undervist og rettleia i tema knytta til sjølvmordsproblematikk og sjølvmordsførebygging. I tillegg har ho erfaring frå arbeid med etterlatne etter sjølvmord ved å vere styremedlem i LEVE (Landsforening for etterlatte ved selvmord), og dreve sorggruppe for etterlatne etter sjølvmord.
Målgruppe: Alle som har ein jobb der dei kjem i kontakt med unge mennesker som har eller står i fare for å utvikle problem ifht sjølvskading.
Detaljert program og informasjon om stad vil komme på denne sida. Forebyggingsforumet koster 800,-. Du kan allereie no melde deg på. Gå til påmeldingsskjema.