Aktuelt
Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i skulen
- 14/03/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Førebygging Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
I samarbeid med Raftostiftelsen har vi utvikla eit kurs for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i skulen.
Kurset er ein del av Bergen kommune sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, og vert arrangert av Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.
Kurset, som er delt inn i ein teoretisk og ein praktisk del, skal gi nyttig og praktisk kunnskap til bruk i skulekvardagen, og er utvikla på grunnlag av at skular arbeider førebyggande mot radikalisering og ekstremisme på tre nivå;
1. Danning – skulane sitt samfunnsmandat: utvikling av sosial kompetanse, inkludering, empati, samfunnsengasjement, demokratiske haldningar, kritisk tenkning og ansvarsbevisstheit.
2. Igangsetjing av tiltak – når det i nærmiljøet eller på skulen skjer ei polarisering og bruk av gruppefiendtlege skjellsord eller haldningar veks fram, når vi ser at det vert utvikla risikogrupper.
3. Beredskap – når ein bekymrar seg for om elevar anten enkeltvis eller saman i grupper vert ein del av eit ekstremt eller antidemokratisk miljø, og ser det naudsynt å gripe inn i forhold til enkeltindivid. På dette nivå er det naudsynt å ha kontakt med andre etatar.
Innhaldet skal gi auka kompetanse på alle nivå.
Last ned programmet under.
Dersom du er interessert i RVTS Vest sitt arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, kontakt Elisabeth Harnes.