Aktuelt
For barn og unge sitt beste, må vi tørre å tenke det verste!
- 18/11/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Alle treng gode oppvekstvilkår. Tidleg oppdaging av utsette barn og unge har stor betydning for barn og familiar, både på kort og lang sikt.
Tekst: Linda R. Kvalvik, Mette E. Garmannslund, Steinar Hvål, Cathrine Eide og Astrid Mohus
Illustrasjon: Berit Sømme
God omsorg
God og støttande omsorg bidreg til trygge barn som utviklar seg slik at dei er rusta til å handtere og regulere følelsane sine. Som barn har vi eit smalt toleransevindu. Det skal lite til før eit spedbarn vert overvelda av følelsar, alarmen går og barnet treng hjelp frå foreldre og nære vaksne til å roe seg. Etter kvart som barnet får gjentatte gode erfaringar med å bli sett og møtt på sine behov av trygge vaksne, både toler barnet meir stress før alarmen går og handterer stress betre. God omsorg utviklar barnets toleevne, gir barnet eit meir fleksibelt toleransevindu og bidreg til utvikling av barnet sine eigne reguleringsferdigheitar.
Mangel på god omsorg
Barn som manglar god og støttande omsorg kan utvikle vanskar med denne viktige reguleringa. Då kan barna gi uttrykk for følelsar og handle på måtar som er uforståeleg for oss, ikkje hensiktsmessig for situasjonen dei er i, eller som på sikt kan skade deira psykososiale fungering. Nokre barn vert i tillegg utsett for livsbelastningar som f.eks. mobbing, omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep. Traumatiske livsbelastningar kombinert med mangelfull reguleringsstøtte er skadeleg for barn. Når det er barnets nære relasjonar som påfører smerte, frykt og ubehag, er dette ekstra belastande.
Kva ser vi?
Vi kan sjå barn som fort kjem i intense følelsar, og har vanskar med å roe seg ned, barn som har vanskar med å forstå, sette ord på og forklare for andre kva dei kjenner på eller kva som gjorde ein uroleg. Barn som slit med oppmerksemda si, barn med mykje uro i kroppen. Stress og smerte kan kjennast fysisk i kroppen: Vondt i hovudet, i magen, søvnvanskar, dårleg appetitt, slappheit og så vidare.
Smerteuttrykk
Det er naturleg at vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt gjer det vanskeleg å ha tillit til andre og å ta andre sitt perspektiv. Vi ser og at mange barn utviklar strategiar for å beskytte seg sjølv og handtere det som er vanskeleg; Sinne, sjølvskading, rus, spisevanskar, seksuell risikoåtferd og skulevegring er døme på strategiar som kan ha vore nyttige og naudsynte for å handtere frykt, stress og smerte, men som ikkje er hensiktsmessige når ein ikkje lenger er i fare.
Barn som ikkje får det dei treng av sine omsorgspersonar, eller vert påført redsel i kontakten med dei, har likevel sterkt behov for å bevare relasjonen med omsorgspersonane. Lojaliteten til sviktande omsorgspersonar er sterk, og barnet vil kunne vende ansvar for vanskelege følelsar mot seg sjølv, og lett få aktivert skuld og skam. For å ivareta både seg sjølv og relasjonen, kan dei verte overopptatt av den andre, eller handtere redsel for avvising ved å vere den som avviser først.
Ingen barn er like og det finns ingen fasit for korleis eit barn som opplever vald eller seksuelle overgrep «er». Det vi veit heilt sikkert, er at vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt kjem til uttrykk gjennom ulike smerteuttrykk. Barn er avhengige av vaksne som ser bak åtferda og prøver å finne ut av kva erfaringar dei har, som gjer at dei seier, tenker, føler eller handlar på måtar som kan være uforståelege for oss.
Vi vaksne må vise barn og unge at vi ser, vågar å spørje og ikkje minst: Vi tåler å høyre!
Relevant:
- Trygg til handling – Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge
- snakkemedbarn.no – Øv deg på samtaler med barn og unge
- seksuellatferd.no – Håndtering av sunn, bekymringsfull og skadelig seksuell atferd
- Konsultasjonsteam om vold og seksuelle overgrep mot barn – Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (rvtsvest.no)