Aktuelt
Fokus på veteranar og deira familiar
- 24/11/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Traume Veteran
Nyleg arrangerte vi konferanse om veteranar og deira familiar i Bergen, kor kring 80 personar, både fagfolk og veteranar, deltok.
Tidlegare generalløytnant i Forsvaret Robert Mood og seksjonsleiar i Vest politidistrikt Jarle Bjørke, var to av forelesarane under konferansen. Venke A. Johansen frå RVTS Vest tok ein prat med begge. Under er tekst og video frå intervjuet med Robert Mood, kor dei snakka om veteranar og deira familiar – og oppfølging etter teneste. Videointervu med Jarle Bjørke finn du under.
Kva tenker du at eit slikt arrangement kan ha av betydning?
– Dette er eit svært viktig tema, det er langt over 100 000 som har vore ute, det er mange familiar som er råka, så dette er eit tema som omfattar mange. Det handlar litt om det eg kallar “nasjonal sjølvrespekt”. At dei Stortinget sender ut på vanskelege oppdrag, dei må vi sjå, anerkjenne, vi må tilby ivaretaking når det trengs og vi må inkludere familien. I dag har de bydd på nokre utruleg sterke historiar; kvinna som fortel om å vere i ein nær relasjon med ein veteran, vi har høyrt frå Forsvarets veteranteneste og vi har høyrt Ronny fortelje si historie. Det at så mange som mogeleg får del i den innsikten gjer at vi kan sørge for at vi ivaretek verteranar og deira familiar på ein mykje betre måte, og det er ein indusering i velferds-Noreg som er viktig.
Ja, eg trur du har veldig rett i det. Det er viktig å få ei auka forståing, auka kompetanse om betydninga av ivaretaking – også den psykososiale ivartakinga, det mellommenneskelege, korleis vi møter kvarandre. Og sjølvsagt også for dei som treng noko ekstra oppfølging frå psykisk helsevern.
– Eg blir stadig overraska over kor mange som har stereotype oppfatningar av kva soldatar er, enten dei er kvinner eller menn, eller eit tredje alternativ. Vi har ei forutinntatt haldning, eit stereotypt bilete av kven dei er og kva dei står for, kva dei tenkjer og kvifor dei reiser ut. Det å tørre å gå litt under dette, slik de har gjort med denne konferansen, det er utruleg viktig. Ellers så kjem vi ihvertfall ikkje vidare.
Det at så mange som mogeleg får del i den innsikten gjer at vi kan sørge for at vi ivaretek verteranar og deira familiar på ein mykje betre måte, og det er ein indusering i velferds-Noreg som er viktig.
Du sa det godt i ditt innlegg. Vi ser gjerne for oss store kraftige menn, men dei har også sterke kjensler inne i seg. Du poengterte at det må vere ein kombinasjon av omsorg og krav.
– Dette er ein gjengangar i veteranarbeid. Ei tilbakemelding vi fekk i ei etterundersøking, var at når det berre er omsorg; “Stakkars deg”, “Kjære deg”, “Du har det vondt”, så gjer det eigentleg berre vondt verre. Og motsett, dersom det berre er krav; “rett ryggen og kom deg vidare”-logikk, så gjer det også berre vondt verre. Når soldatar ute på oppdrag får ei oppgåve; det er krav om at det skal vere riktig og det er tidsfrist. Dei lykkast med dette og får ei ny oppgåve som er litt vanskelegare, med dei lykkast igjen. Då kjem dei på den fantastiske “meistringsstigen”. Dette er ein kombinasjon av anerkjenning og omsorg. “Vi skal hjelpe deg å få det til, men det er krav, så du må levere”. Det som ligg i dette handlar både om å løyse vanskelege oppdrag ute i verda, og det handlar om å ta tak i sitt eige liv etterpå. Omsorg og krav er to sider av same sak.
Ronny satt veldig godt ord på dette i sitt innlegg. At den som ønsker meistring må vere med på å bestemme kva denne meistringa skal bestå av.
– Ja, og dette kan ta eitt år, det kan ta fem år og for nokon tek det 15 år å komme til den staden i livet som Ronny kalte “vendepunktet”. Når vendepunktet kjem, då tar ein tak og lagar ein struktur, strekker seg og får omsorg og støtte frå apparatet – og så er det litt krav – og så kjem dei seg vidare.
Sjå intervjuet:
Sjå også kort intervju med Jarle Bjørke, seksjonsleiar for seksjon for førebygging i Vest politidistrikt, om det å vere politiveteran.
Jarle Bjørke er også ein del av det regionale nettverket om veteranarbeid i vest, som er leia av RVTS Vest, v/ Venke A. Johansen.
Relevant:
Episode i serien Bli med heim på NRK Super, kor vi møter ei jente som har ein far som jobbar i Forsvaret og er mykje ute på oppdrag i verda.