Aktuelt
Fokus på kultur på samling for ICDP-rettleiarar
- 10/02/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging ICDP Psykisk helse

Samfunnet i Noreg vert meir og meir tverrkulturelt, og alle ICDP rettleiarar treng difor kulturkompetanse.
- Chiku Ali og Patrick O’Louglin føreles for basisrettleiarar i ICDP.
1.1.2015 kom det nye krav til sertifisering i rettleiaropplæringa for basisprogrammet i ICDP. Rettleiaropplæringa er utvida frå fire til seks dagar, og kulturperspektivet er innarbeidd i heile opplæringa.
For å imøtekomme sertifiserte basisrettleiarar sitt kompetansebehov til å drive grupper for omsorgsgjevarar, arrangerte vi to dagar med opplæring i kulturperspektivet.
Målet er primært å gje meir kunnskap om kulturperspektiv for basisrettleiarar, slik at ein vert trygg på å bringe det inn i dei ordinære gruppene.
Tema på samlinga var:
– Kultur, verdiar, haldningar
– Kultursensitivitet og kommunikasjon
– Bruk av tolk
– Typiske kulturforskjellar
– Migrasjon: Utfordringar og muligheter
– Foreldrerolla i ein ny kulturell samanheng
– Tilpasningsformer og mulige konflikter
– Vald i nære relasjonar og andre alvorlege begrensningar av barn og unges fridom
– Korleis snakke om vald og andre tabubelagte tema i rettleiingsgruppene
- Mahabad Hamasor har vore ICDP rettleiar i 10 år.
Mahabad Hamasor, basisrettleiar i ICDP deltok på samlinga:
– Eg er barne- og ungdomsarbeidar ved Ny-Krohnborg barnehage, og har vore ICDP-rettleiar sidan 2006. Eg har hatt stor nytte av ICDP-programmet, både i jobben min i barnehagen, men og heime med mine eigne barn. Dei eg rettleier seier og at dei er veldig nøgd med programmet, og at dei nyttar det mykje i oppdragelsen.
– ICDP-programmet har 8 tema med konkrete råd for småbarnsforeldre. Eg tenkjer særleg på det første temaet som handlar om å vise positive kjensler, å vise at du er glad i barnet ditt. For meg var dette nyttig, då det ikkje er like naturleg å vise kjensler på same måte i Kurdistan, der eg kjem frå. Det var nyttig å gå gjennom ulike måtar å vise kjærleik til barnet ditt.
– Å ha ei slik samling der ein bringer inn kulturperspektivet, er særs nyttig. Vi treng å oppdatere oss, samstundes er det nyttig å møtast og dele erfaringar med andre ICDP-rettleiarar.
Eg håpar at ICDP-programmet vert lagt inn i rammeplan for barnehagane.
Om ICDP
International Child Development Program (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggande program som har som mål å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot omsorgsgjevarar og skal styrke deira omsorgskompetanse. ICDP-programmet vart utvikla av professor Karsten Hundeide og professor Henning Rye ved Universitetet i Oslo. ICDP-programmet er anerkjent og nytta av bl.a. UNICEF og WHO.
Nyare forskning viser at barnet sitt samspill med sine nærmaste omsorgsgjevarar er avgjerande for barnet si heilheitlege utvikling. ICDP har som sin grunntanke at den beste måten å hjelpe eit barn på, er å hjelpe barnets omsorgsperson(ar), og at den mest virkningsfulle strategien er å støtte og bevisstgjere barnet sitt stabile omsorgsnettverk. ICDP set eksistarende forskning om barn og barns utvikling i system. Programmet har de 3 dialogar og 8 tema for godt samspill, som enkle hjelpemidler for å bevisstgjere omsorgspersonar på viktigheita av godt samspill med sitt barn for å sikre barnet ein sunn følelsesmessig og mental utvikling.
Kjelde: www.icdp.no