Flyktningekompetente tenester/kommunar

Flyktningekompetente tenester/kommunar

Ein viktig del av RVTS Vest sitt arbeid er å bistå tenester i deira arbeid med flyktningehelse og tvungen migrasjon.    

Tenester melder om følgjande tema/utfordringar i arbeid med flyktningar: 

Flyktningekompetente tjenester/ kommuner

Di teneste kan avtale tilpassa undervisning med forelesningar, filmar, gruppeaktiviteter og oppgåver mellom samlingar for å gjere alle tilsette meir flyktningekompetente. 

Døme på aktuelle tema: 

  • Organisasjonskultur: Leiing og tenestene sine roller, verdiar, samarbeid og kollegaskap 
  • Kultursensitivitet, migrasjonsstress, kommunikasjon og bruk av tolk 
  • Traumeforståing og traumesensitive tilnærmingar i praksis 
  • Læring og traume: å møte behov hos barn og vaksne
  • Førebyggende familiearbeid i eksil
  • Sosial kontroll, «ære, skam og rykte» og drøfting av relevante tema, bl.a. tvangsekteskap, kjønnslemlesting
Foto: Nils Erik Eide

– Å gjennomføre «Flyktningekompetent kommune» var svært viktig for oss som kommune, seier Miriam Aareskjold, Avdelingsleiar for integreringstenesta, NAV Vindafjord i Etne kommune. – Det bidrog til at over 40 tilsette i kommunen, frå ulike einingar, auka sin kompetanse på flyktningar. Det gav oss ei grunnpakke med felles forståing og kunnskap for vidare arbeid. Det har gjort oss trygge på at vi er gode på å ta i mot flyktningar, og at det er noko me gjer saman. Det gjorde igjen at me kjende oss rusta til å ta i mot rekordmange flyktningar etter invasjonen i Ukraina våren 2022.

Ønsker du å vite meir?

Kontakt oss på rvts@helse-bergen.no for å få meir informasjon.

Relevante ressursar:

  • Flyktning.net – Ressursportal om flyktningar og asylsøkjarar
  • Frå flukt til fellesskap – Kompetansepakke for barnehage, skule eller tenester som involverer barn/unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn, og særleg familiar som har flukterfaringar.
  • Menneske treng menneske – For deg som er frivillig og møter menneske frå andre kulturar.