Aktuelt
Fastlegar kan ha ei viktig rolle for å forebygge sjølvmord
- 29/03/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading
Ingen kommentarer
Foto: Paola Chaaya, Unsplash
Ulike undersøkingar tyder på at 50-80 prosent av dei som døyr ved sjølvmord har vore i kontakt med fastlege eller andre delar av helsetenesta i året før dei døyr.
Dette kan ein lese i det veiledande materiellet for kommunane om forebygging av sjølvmord og sjølvskading, som er utarbeidd av Helsedirektoratet.
Dessverre er det sjelden at dei som er i kontakt med fastlege fortel om sjølvmordstankane sine.
Nyleg arrangerte Bergen kommune eit kurs om psykisk helse for fastlegar kor RVTS Vest arrangerte dagen som handla om sjølvskading, sjølvmord og sjølvmordsforebygging.
Dersom du eller din arbeidsplass treng meir kunnskap eller rettleiing om forebygging av sjølvmord og sjølvskading, ta kontakt med oss. Vi arrangerer også fleire kurs om temaet, både om forebygging av sjølvmord og etterlatte etter sjølvmord.