– Støttetenestene kan hjelpe læraren å “fly” i ein krevjande skulekvardag.
Fellesskapet i klassen er viktig for alle barn. Hjelparane må bistå læraren sin gode relasjon til elevane. Vi må ta på alvor kunnskapen om at det sosiale fellesskapet er sentralt for å både førebygge vanskar, men og for å komme seg ut av vanskar.
I denne podkast-episoden snakkar psykologspesialist Espen Rutle Johansson og psykolog Reidar Thyholdt, om kva vi som er hjelpetenester rundt skulen, kan bidra med for å gi støtte slik at læraren kan hjelpe eleven i klasserommet.