Aktuelt
Fagdag om negativ sosial kontroll
- 26/11/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Sosial kontroll Traume Tvangsekteskap
«Jeg har aldri blitt elsket og trenger å bli elsket for å bli frisk».
Mange utsett for sterk negativ sosial kontroll beskriv deira eksistens som visuelt sverta frå omgjevnadene, noko som får dei til å spørje: «Kvifor skal eg fortsette å leve når eg er ingenting?» Ein lever, men har ingen eksistensiell verdi for omverda, sitt etniske og/eller religiøse miljø, storfamilien og den transnasjonale familien.
– Å leve med negativ sosial kontroll over lengre tid kan føre til store psykiske konsekvensar både på det kognitive, emosjonelle og kroppslege plan. Vi erfarer at mange kjenner seg utrygge i møte med denne tematikken i sitt arbeid. Det er viktig at vi forstår årsakene og mekanismane som ligg bak og konsekvensane av negativ sosial kontroll for å kunne førebygge på tvers. På fagdagen håper vi å kunne sette fokus på nettopp dette, seier Elisabeth Harnes frå RVTS Vest.
– Vi er så heldige å ha fått med oss sjølvaste Iram Haq som vil dele og reflektere kring sin prisbelønte film: «Hva vil folk si» inspirert av eigen oppvekst, forskar Thomas M Walle om truande maskuliniteter og sosial kontroll, kompetanseteamet mot tvangsekteskap frå BUFdir og ein spennande paneldebatt med deltakarar både frå innvandrarmiljøet, hjelpeapparatet og forskning.
Fagdagen er eit samarbeid mellom IMDI Vest og RVTS Vest.
Påmeldingsfrist er 30.11 og vi har fortatt nokre ledige plasser igjen!