Aktuelt
Et blikk på positiv og negativ sosial kontroll. Å forstå for å forebygge
- 12/09/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt æresrelatert vold Kjønnslemlesting Psykisk helse Sosial kontroll Traume Tvangsekteskap Utenforskap
I november arrangerer vi temadagen “Et blikk på positiv og negativ sosial kontroll. Å forstå for å forebygge” i Sunnfjord og i Bergen.
Enkelte innvandrargrupper er overrepresentert i saker kor vald er ein del av biletet. Er det faktorar som kan auke vår forståing av bakgrunnen for utøving av vald, slik at vi kan forebygge på beste mogleg måte?
På temadagen vert det fokus på følgande tema:
- negativ sosial kontroll
- kultursensitivitet i møte med andre
- kjønnslemlesting av jentebarn
- tidleg ekteskap og tvangsekteskap
- seksualitet i minoritetsperspektiv
- barneoppdragelse i norsk kontekst og «empowerment», særleg av jenter og kvinner som er oppvaksen i patriarkalske samfunn
Det er Chiku kli, spesialkonsulent ved RVTS Vest, som skal førelese. Chiku har i mange år jobba med førebygging av kjønnslemlesting av jentebarn . Ho er kvalifisert trenar i ICDP (International Child Development Program) og held kurs for ICDP-rettleiarar frå ulike grupper og tenester i kommunane på Vestlandet.
Chiku Ali meiner at det å ha kunnskap om kultur bør vere ein integrert del av hjelpeapparatets kompetanse. Ho seier:
– Finnast det ein måte som kan hjelpe oss å forstå, slik at vi kan forebygge kring tema som er æresrelaterte, tabubelagte og som har negativ innverknad på helse og det å leve eit godt og sunt liv? Det handlar om å gjere noko nytt, bryte mentale og kulturelle grenser kring tema som vert sett på som æresrelaterte og tabubelagte i ein person sitt opphavsland. Samstundes må ein innsjå at endringar tek tid.
Jeg vil melde meg på i Sunnfjord Jeg vil melde meg på i Bergen